lørdag, 13 april 2019 06:38

VOSSAJAZZ 2019 - fredag

Skrevet av

Lat oss kutta småpratet og gå rett på sak: SALIF KEITA

Salif Keita

Etter den formelle opninga ved festivalsjef Trude Opheim og nyskriven festtale ved forfattaren Lars Saabye Christensen, var det Salif Keita, “gullstrupen frå Mali”, som hadde æra av å halda opningskonserten i Vossasalen på Park Hotell klokka 7 fredags kveld. Stemninga var elektrisk og salen full. Og for ein konsert. Eg var på nippet til å hoppa over han, for eg har høyrt Salif før, men dette var trass i alt opningskonserten, og den må ein nesten kunne rapportera frå. Det er bånn guffe frå fyrste låt, lyden er høg og klår, og hugget frå stortromma er akkurat slik du berre opplever det på konsert. Ingen vanlege stereoanlegg maktar slikt. Inntrykket er sterkt, eg kjenner faktisk tårene pressar på, slik eg ofte gjer det på dei fyrste taktene på god musikk. Dei kallar det blues, men dette er ikkje slik blues du høyrer i Amerika. Dette er røtene, før dei vandra ut, og det riv i flesket på ein heilt anna måte. Midt i konserten ein stad annonserer Salif at han vert 70 år i år, og at dette sannsynlegvis er siste konserten han held i Voss. Det går eit sukk gjennom publikum. Salif var her sist gong i 93. “So please dance with me!” Og publikum reiste seg frå stolane og vrikka på seg so godt dei kunne.  

 

Karl Seglem

Ein smule forseinka til Gamlekinoen med Karl Seglem, grunna at Salif gjekk litt på overtid, noterte eg meg ein langt mjukare lyd, litt lågare, og ynskte denne velkomen. Men etterkvart irriterte denne lyden meg meir og meir, han var ikkje open og umiddelbar slik eg opplevde dei øvrige konsertane. Han var flat og daud. Dette er synd, og eg har opplevd det same tidlegare på Seglem sine konsertar. Han fortener betre, for musikken er fabelaktig. Sjekk t.d. ut albumet “Som spor" på strøymetenestene, fabelaktig musikk og super lyd! Salen var ikkje full, og folk gjekk etterkvart; om dette skuldast lyden eller andre ting er uvisst. Men eg såg fram til denne konserten, og koste meg, uansett. Karl Seglem er undervurdert. Ein vert tydelegvis ikkje profet i eige (vest)land.

 

Øvrige

Sidan fleire av konsertane går nesten parallellt, rekk ein ikkje over alt. Men eg var som snarast innom Thea Hjelmeland i Vossasalen, ho er vorten ein populær artist; med evna til å underhalde. Kjekt, men det er ikkje jazz.

Susanna Lundeng er ikkje berre ein felespelar frå Nord-noreg. Saman med trommeslagar Erik Nylander og gitarist -og vokalist! Nils-Olav Johansen skapte dei sjangeroverskridande perler. På siste låten gav ho alt, med høge kneløft og frametterbøygd kropp mot fyrste benkerad berre meteren unna. Hadde det vore nedoverbakke og ho spelte Fanitullen hadde eg vorte redd. 

Eg gjekk nesten glipp av The End på Pentagon (Park), gløymde å sjekka programmet. Men når eg rota rundt i gangane høyrde eg nokre voldsame saksofonriff og gjekk etter lyden, og sanneleg var det ikkje Kjetil Møster, kven andre, kjend for å spela slik at folk rømer lokalet. Eg tillet meg å sitera den råkande skildringa frå programmet: -“kompromisslaus og eksperimenterande musikk som utspelar seg i vekselspenning mellom det stygge og det vakre, det atonale og det melodiske, kaos og orden - bandet balanserer virtuost på randen av kortslutning”. Enden er nær.    

 

Lest 3501 ganger Sist redigert lørdag, 13 april 2019 14:35
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.