mandag april 24 , 2017
tirsdag, 11 april 2017 20:17

Vossajazz 2017 laurdag og sundag Spesial

Skrevet av

Dette skulle handla om Vossajazz, og det skal det og, men fyrst må eg få lufte eit par frustrasjonar.

Eg fortalde i reportasjen frå fredag om problem med fotoapparatet, men trudde alt var i orden til vidare fotografering til laurdagens konsertar. Det var det ikkje. Då eg freista å lasta ned bileta til Mac-en laurdagskvelden, fekk eg berre fylgjande melding: No images available. Vonaleg treng eg berre eit nytt minnekort, om ikkje, skal eg personleg maltraktera dette apparatet til det ukjennelege. Akkurat so forbanna var eg laurdagskvelden. Eg måtte ha STERK drikke for å sjå lyst på livet att. Murphys lov har vore uvanleg aktiv i det siste. Som på fredag var det difor iphonane våre som berga oss. Takka vera venninna mi har me og vidoar å presentera.

I Vossasalen  kl. 6 presenterte Vossajazz “Tingingsverket" sitt, i år komponert av Susanna (Wallumrød) og hennar fire kvinners sterke orkester. Venninna mi vart heilt forheksa, og fann at musikken på genialt vis skildra dei søkande og tidvis dystre stemningane i den nederlandske målaren Hieronymus Bosch (1450-1560) sine bilete og titlar (som verket tek utgangspunkt i). Sjølv har eg vore på mange konsertar med Susanna og elskar stemma og den vare musikken hennar, men eg tykte dette verket var stillegåande på grensa til det kjedelege. Tingingsverka kan lett verta litt pretensiøse og alvorstunge. Det er jo litt av ei oppgåve musikarane får: Å skriva heilt ny musikk til festivalen. Du kan verta nervebroten av mindre.  Som publikummar kjenner eg og denne denne uroa og spenninga som knyter seg til framføringa av tingingsverket.

Endå ei urframføring vart presentert oss; av Bergens-saksofonisten Kjetil Møster. Han hadde med seg mellom andre trommis Helge Nordbakken og endå ein trommis: Kenneth Kapstad. Dei tromma og slo og skapte eit driv som dei andre musikarane berre måtte fylgja opp, det heile vart valdsamt, rått og heftig. Akkurat slik eg likar det. Eller det var Kjetil Møster som dreiv opp tempoet med sin energiske stil. Ein av dei heftigaste konsertane eg har vore på, og ein av dei beste. Eg elska kvart sekund av det. Ein av dei fine tinga med konserten var det opne “dansearealet” (i Vossasalen) mellom sitjeplassane og scena, kor me kunne gå litt fram og attende for å få akkurat det lydbiletet me ville ha. Sume stader vart saksofonen litt gjennomtrengande, då va det berre å gå litt fram att, slik at mellomtonen skaut forbi oss.

Etter dette var me på “gamlekinoen” med Nils Petter Molvær, ein annan av favorittane mine. Han skuffar aldri, sjølv om denne konserten var litt “nedskrudd” samanlikna med “Møster!”. Vakkert og med veldig god lyd. Sundag høyrde me ein annan av favorittane mine, denne gong from Polen: Tomasz Stanko. Ikkje prøv å uttala Tomasz rett. Du får det ikkje til. Polsk er ikkje for utlendingar. Men Tomasz har ei av desse sjeldne gåvene, saman med mellom andre Miles Davis: Han kan spela ein melodi, ikkje berre laga lydar. Det er mange andre konsertar eg skulle ha vore på og skulle ha omtala, men me kan jo ikkje vera over alt heller. Diverre. So dette får halda for i år. Ta vare på programmet ditt og søk artistane opp i Spotify eller liknande, for å høyra meir. Til dømes dei du ikkje rakk over. Det kan vera eit høveleg tidsfordriv om påsketurane går til helsike grunna drittver. Takk til Vossajazz for eit godt program endå ei gong, og fylg med på radioen frametter. “Jazzklubben” på nrk P2 kan finna på å senda opptak frå konsertane. Det er veldig utviklande og oppdragande for dei finstilte audiofile øyra våre å samanlikna eit slikt opptak via stereoanlegget med konsertopplevinga.

 

Lest 198 ganger Sist redigert tirsdag, 11 april 2017 20:55
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Forsiden

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser