søndag, 14 april 2019 06:01

Vossajazz 2019 - laurdag

Skrevet av

Steinar Raknes

Eg var på nippet (igjen) til å kutta ut Steinar Raknes STILLHOUSE, men vart rådd i frå det på det sterkaste, sidan besetninga var ei heilt annan sidan har var her sist, i regi av Voss Jazzklubb. No var Paolo Vinaccia med, og Unni Wilhelmsen. Dei to fyrste kutta ville eg kalla rein folkemusikk, for ikkje å seia western. Neste kutt ville eg kalla blues. Jazz? Relativt fråverande. Steinar har denne evna til å spela låtar, ikkje berre lydar, og her var det harmoniske i høgsetet, rett og slett gode melodier. Unni skrytte av at han hadde “the X-faktor”, og me gjev ho rett.

Steinar er velsigna med ei god stemme, og er beint i ferd med å utvikla seg til ei popstjerna. Saman hadde dei fleire lekre duettar, og det ville ikkje overraska meg om eg opna augene og såg at det var Dolly parton som sto ved sida av Steinar i staden for Unni. Steinar siterte Paolo: Me bevegar oss i grenselandet mellom jazz og musikk; til latter frå publikum. Dei koste seg.  

 

 

Hedvig Mollestad

Hedvik er rockaren mellom jazzarane. Ho vart gjeven det ærefulle oppdraget å komponera tingingsverket i år, og framførte det i Vossasalen på Park kl. 6. Hedvik byrja med spede tonar (frå gitaren), meir som eit interlektuellt alibi, men gjekk raskt lei og drog i gang eit heftig riff, og fekk med seg ikkje mindre enn to trommisar, Torstein Lofthus “dyret", og Ole Mofjell, med hår og skjegg som ein leivning frå vikingetida, berre midlertidig nedfrosen. For eit driv! Eg koste meg voldsomt, men merka meg at ein del av den eldre garde reiste seg og gjekk, kva trudde dei at dei gjekk til? Swing-jazz frå femti-talet? Dei skulle tatt på lesebrillene før dei las programmet.

Konserten bylgjer fram og attende mellom heftige rytmar a la rock og meir finlir for å passera som jazz. Jazzen i dette tenkjer eg ligg i det uføreseielege, du plystrar ikkje etter dette. Ein nært sitjande kollega journalist/skribent lente seg stadig over til meg og ropte “grisetøft!” og eg kunne ikkje vera meir samd. Han gjorde meg og merksam på at det var Marte Eberson som gjorde ein heilt fabelaktig solo på tangentar. Ho sat heilt til høgre i stuttbrok og kvit bluse og såg ut som klypt ut av ei strandscene frå 30-talet. Fabelaktig konsert uansett. 

 

 

Mathias Eick

Me har mange framifrå blåsarar her til lands. Mathias har meisla ut sin eigen stil, meir melodisk og tilgjengeleg enn dei fleste, og so langt frå Kjetil Møster som du kjem, for å nemna endå ein slik framifrå blåsar (frå fredagen). Herleg konsert dette, som eg diverre berre fekk med meg halvparten av. Og igjen med Torstein Lofthus på trommer. 

 

Aurora

Eg hadde vel eigentleg ikkje tenkt meg på denne konserten, for Aurora var vel meir som eit trekkplaster å rekna, for å få økonomien til å gå i hop. Men det vart for dumt å ikkje stikka inom i det minste. Eg angrar ikkje, og kom meg ikkje der i frå. Me fekk demonstrert frøken Aksnes som ein fullmogen artist av internasjonalt format, med ein regi og ein sceneopptreden som ikkje står attende for noko. Det kunne like godt vore opera eller ballett. Dette var ei oppvising i song, dans og musikk som me sjeldant ser. Gode låtar framført på ein fengslande måte. Eg er nyfrelst.    

Lest 4032 ganger Sist redigert søndag, 14 april 2019 09:46
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.