søndag, 21 april 2019 06:16

Vossajazz 2019 sundag og oppsummering

Skrevet av

“Sundagsmatinè" med Trygve Seim (Helsinki Songs)

Påskehøgtida byrjar vel formelt med Palmesundag, men ikkje på Voss. Me må få unna Vossajazz fyrst. Eg rekk konserten med Trygve Seim kl. 13.30. Han er med god grunn lagt til sundag. Dette er akkurat det nervene treng etter ei lang og hektisk helg med mykje springing frå konsert til konsert, og skriving på nattestid. Trygve har ein unik spelestil (saksofon), venleg og melodisk, og har dessutan ein fasinerande framtoning. Høg og kraftig med hår og skjegg ser han ut som ein oppgreven viking. Mathias Eick på trompet stør oppunder det melodiske og vakre. Eg kan ikkje skildra det annleis enn at eg og elskar det Jon Balke gjer på tangentane (piano), og Mats Eilertsen er smilande opplagt og gjer ein fin jobb på ståbass. Lat meg dvela litt hjå finnen Markku Ounaskari på trommer, som eg aldri har sett i aksjon før: Han la eg merke til avdi eg ikkje la merke til han. Han ser ut som ein kontorarbeidar frå gamle Trygdekontoret og sit heilt i ro. Berre trommestikkene lear på ser. Eg har aldri sett ein trommeslagar som gjer mindre vesen av seg. Samstundes osar han av røynsle og tryggleik. Og gjer jobben so til dei grader bra. Du berre merkar det ikkje før du legg merke til det. Flott konsert dette, og mange av dei som kom ut i strålande solskinn etter konserten sa dette var den flottaste konserten dei hadde vore på. 

 

 

Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard

Men Trygve Seim var ikkje einaste konserten må du tru. Klokka 18.45 var det på´an igjen, og denne gjekk litt i same gate: Nydeleg; god lyd, og akkurat det du treng på ein sundag. Andy har eldes litt sidan sist gong han var på Voss, med Jazz-skulen, men kven har ikkje det? Det var elles morosamt å leggja merke til at trommis Andreas Bye hadde LITT av same framtoning og spelestil som finnen Ounaskari med Trygve Seim, men lea litt meir på seg. Sikkert eit resultat av at han store deler av konserten spelte med “duskar”, som har eit mjukt treff mot trommeskinnet. Han måtte difor slå litt hardare for å verta høyrt. Resultatet var effektfullt, og det var det også at samtlege stilte uklanderleg kledde i dress og slips. Det passa både musikken og høgtida. 

 

 

 

Frida Ånnevik “Andre sanger"

Klokka halv 9- på ein sundagskveld - var Vossasalen stappfull. Eg trudde ikkje mine eigne auge. Etter å ha høyrt mykje skryt om Frida har eg fleire gonger sjekka ho opp på Spotify, men funne musikken kjedeleg og lyden grå. So feil kan ein altså ta i farta. Frå fyrste låt og fyrste strofe hadde Frida full kontroll på publikum. Sume er berre fødde til å stå på ei scene. Mellom låtane fortel Frida lune og morosame historier som bakgrunn for tekstane, og publikum humrar og ler. Eg noterte meg tidleg at her ikkje var trommeslagar på scenen, og tenkte at dette vert ein kjedeleg konsert. Det vart det ikkje. Eg la snart merke til nydeleg akkompagnement frå bassist Jo Berger Myhre, og har erfart tidlegare at ein god bassist eller gitarist med rett åtak på strengene kan vega litt opp for perkusjon. Og sidan Frida tydeleg legg vekt på gode tekstar og god og klår (men samstundes varm og fyldig) lyd er det berre ein føremun å senka støynivået slik at ein faktisk høyrer kva ho syng. Og ho syng på norsk og på dialekt, noko eg trur publikum set stor pris på. Eg meiner framleis at norske utøvarar som syng på engelsk skulle hatt ein diagnose. Frida fjernar seg ikkje frå publikum med slikt jåleri og heldt ein framifrå konsert. Verkeleg ein eg vil hugse.

 

 

Oppsummering

Som dei seier i Utakt på nrk P1, kl 11 på føremiddagen kvar vekedag (anbefales!), “Kva har me lært i dag?” 

Jo, det var fantastisk mykje fint å høyra i år. Eg var ikkje på ein einaste konsert eg vil karakterisera som irriterande usamanhengande støy og reinspikka skrammel. Eg har hatt nøgda av det og! Slikt held ein ut berre etter store mengder alkohol. I lokalavisa Hordaland kan ein sliten men (alltid!) smilande festivalsjef Trude Storheim fortelja om eit historisk bilettsal på over 2 millionar kroner. 

Og kan hende har eg lært litt om musikk og teknikk undervegs. Eg gløymer ikkje Salif Keita-konserten. Ikkje alt var like bra, men særskilt dei to fyrste melodiane var fantastiske, med eit driv og ein lyd du sjeldan høyrer. Eg la særskilt merke til basstromma. Denne var so djup, kraftig, rask, tett og presis at nakkehåra sto rett ut. Og det er godt gjort, for eg har ikkje nakkehår. Dette gav musikken ein dynamikk og ei framdrift eg knapt har høyrt. Eg vil for alltid sakna det, og vil sjå skjeivt på lydmennene som ikkje klarar det same. Helsike. 

Som vanleg, takk til Vossajazz, til alle hardt arbeidande og til eit strålande opplagt og hyggjeleg publikum. Og til værdamene for det fine veret.

Lest 3800 ganger Sist redigert søndag, 21 april 2019 06:41
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.