torsdag, 26 juni 2014 12:32

Oppo BDP-105D i heimen

Skrevet av

Eg har prøvd spelarane frå Oppo tidlegare. Karl Erik har minna om mi omtale av den kontroversielle ”nynorskspelaren”, som var mi fyrste erfaring med dette merket. Men faktisk er eg eigar av den ein gong så rimelege DV-981HDsom har vore ein utmerka DVD-spelar, og stort sett grei som (SA)CD-spelar, sjølv om han var rasande billeg i si tid, og såleis heller ikkje på nokon måte særleg påkosta. Sidan den gong har Oppo fått ny importør, og dei har tydelegvis satsa enormt på produktutvikling. 

 

Eg har hoppa over ein generasjon spelarar, men no slo eg til og kjøpte like godt den sterkt mediafokuserte BDP 105 i ny D-utgåve, som skal ha ekstraordinære bildekvalitetar. Så dette er ikkje ein skikkeleg test, sidan eg alt har kjøpt dingsen. Når eg alt har gjort meg opp sterke nok meiningar om BDP 105 D til å betale kjøpesummen, er nok ikkje vurderingane så nøytrale som eg skulle ynskje. Men no har du iallfall fått ei åtvaring..

Det finnest to andre versjonar som er oppgraderte på lydsida. Til vesentleg høgre pris, men som også haustar lovord for endå betre lyd enn standardutgåva. Sjølv om eg held lyden for å vere det definitivt viktigaste aspektet, tykte eg at ein HDTV også må ha sitt av og til – og då det i tillegg var litt pengar å spare, var eigentleg valet ikkje så veldig vanskeleg. Eg fekk tak i D-utgåva, der siste bokstav står for Darbee – eit system som forbetrar bildekvaliteten på ein svært synleg måte. Vi skal sjå nærare på dette.

 

 

I tråd med tida

Oppo har så lenge eg har hatt kjennskap til firmaet, fokusert på å kunne stette alle dei behov som kan tenkjast, og kan alltid spele av alle aktuelle sølvplater på marknaden (utanom dei digre Laserdisc frå 90-talet, dei får ikkje plass). Denne nyaste spelaren har såleis fått orden på Blue-Ray, men fiksar også sjølvsagt CD, DVD, DVD-A og SACD, og om du har heimebrent familiebilda, kan også desse sjåast gjennom BDP-105D. Du har altså ikkje behov for andre spelarar sånn teknologisk sett.  (Vi kjem attende til spørsmålet om lydkvalitetane er gode nok..)

Men vi har no lenge fått høyre at alle sølvplatene er avleggs, og at nettverksspelarar har tatt over marknaden, gjerne i kombinasjon med ein svinaktig god DAC for å halde lydlege kvalitetar i orden. Men Oppo har like godt passa på å bake inn alle dei moderne fasilitetar inn i konstruksjonen, og det med utmerka kvalitetar. Så BDP-105D er utstyrt med ei bråte inngangar, som kan stette dei fleste ynskjemål.

 

 

Massevis av opsjonar – men fyrst ei lita utfordring

Det einaste tungvinte med BDP 105 er at du nesten må ha ein bildemonitor. Her er så mange funksjonar at du kjem til å ynskje å fylgje med på kva som skjer. Så har du ikkje tenkt å ha TV i anlegget, er det ei utfordring å bruke det vesle displayet på spelaren.  Eg vil tru du er tent med å kjøpe ein bildemonitor av eitt eller anna slag for å gjere navigeringsjobben lettare. Sjølv har eg no plassert ein 47” TV-skjerm i stova, slik at han flyttast via ein svingarm ut av lydbildet. Når skjermen ligg flatt på veggen bak anlegget, påverkast ikkje lyden nemneverdig, og eg kan sjå kva som skjer med spelaren. Dette fungerar på ein glimrande måte, og spelast det CD, får eg opp informasjonen om albumet som ligg på Internett. Det er to ulike alternativ på dette, der anten heile albumet visast under eitt via ”Gracenote”, eller litt meir detaljert om det kuttet som spelast i augeblikket. 

Trykkjer du på ”Home”-knappen på fjernkontrollen, får du fram alt som er tigjengeleg via nettet. Her kan du via NAS eller anna hente fram eigenlagra musikk, foto, videosnuttar og det som ligg som video- eller bildeformat på harddiskane du har i nettverket ditt. Her får du også ”Setup”, ein meny der du kan justere format og andre detaljar. Veldig oversiktleg, men du bør altså ha monitor for å få orden på alt dette.

Menylina under har hurtiglinkar til ymse BBC-tenester, Nettflix, Youtube og ein del alternativ som ikkje er tilgjengelege her i landet. Det var overraskande kor god lydkvalitet som kan komme ut av Youtube innimellom, og Nettflix fungar også svært bra, også i stereoformat.

Men den verkelege moroa er når du trykker på Input-knappen, og koplar til alt du har med digitale utgangar i heimen. Her får du altså brukt Oppo som DAC, med svært godt resultat.

 

Alternativ 1: sølvplate-avspeling

Her får du sjølvsagt høve til å spele filmane dine. Og med framifrå kvalitet. Du kan vere trygg på at DVD ikkje vert betre enn dette, og jammen må eg seie det same om Bluray-platene også. Eg hadde ikkje tilgong på TV eller projektor med store nok format til å kunne utfordre grensene for bildesida, men også på ein Samsung 47” var det tydeleg skilnad til dei tre rimelege spelarane eg hadde til samanlikning.

Å spele stereo lydformat gjennom BDP 105 D er i utgangspunktet den viktigase oppgåva eg har eisla denne spelaren til, så her var eg svært spent. Eg lurte spesielt på om kombinasjonen av høgoppløyste, tyske høgtalarar og ditto elektronikk ville føre til for sterkt fokus på det analytiske i lydattgjevinga, men det vart heldigvis ikkje tilfelle. Tvert om. Rett nok var det nesten usannsynleg godt oppløyst, spesielt frå CD, men likevel var det så nøytralt som ein stort sett berre kan drøyme om. Og utan å gjere direkte samanlikningar med spelarar til 3-4 gongar prisen (ja, kanskje endå meir), vil eg påstå at det er fyrst på dette prisnivået du kan seie at Oppo BDP 105 D møter konkurrerande lydkvalitet. Og når det gjeld evna til å finne mikrodetaljar i innspelinga, kan eg ikkje hugse å ha høyrt det betre.   Så må ein også ta med i reknestykket at alle sølvplater kan spelast. SACD attgjevast klart betre enn min gamle Maranz-travar, med tydeleg nyansert dynamikk, heilt nøytral klangattjeving, og tredimensjonalt lydbilde der det er godt med luft rundt instrumenta på gode opptak. Det er også lettare å spole SACD-plater enn på dei fleste andre spelarar eg har brukt (ein nyttig funksjon spesielt for gamle bassistar som øver etter platene). Brukmessig er det ingenting å setje fingeren på. Koplar du spelaren til Internett, får du fram informasjon om albumet, slik at du via monitoren kan lese det viktigaste som står på omslaget. Når det gjeld informasjonen som kjem frå SACD er det berre einskildkutta som presenterast, men til gjengjeld er det meir å hente på lyden. SACD byr på noko meir dynamisk sprengkraft enn når ein spelar CD-laget, og spesielt når det spelast pianissimo verkar oppløysinga betre.  

Når DVD-audio spelast, kjem det mykje informasjon på skjermen, slik som på vanlege DVD-spelarar. Lydkvaliteten er absolutt god, men det er vanskeleg å skilje dette frå det eine opptaket eg har både som CD og DVD-A; analoginnspelinga ”The last Walz” med The Band. Kva som er best av SACD og DVD-A veit eg ikkje, og manglar overlappande album i begge systema. Eg har for få DVD-A-plater til å meine noko sterkt om formatet, men det fungerer iallfall utmerka å spele slikt via Oppo BDP 105 D. Med denne spelaren er du langt sjeldnare i tvil om det spelast CD eller eit meir oppløyst format.

Uansett har ingen av desse formata slik lydkvalitet som ein kan få ut av rein Blu-ray-audio, der eg har nokre få album frå 2L. Ettersom referanseanlegget mitt berre har to kanalar, vert oppsettet gjort på Linear PCM, sidan dette er i stereo.  

Desse 2L-platene kan by på svært høg oppløysing på alle måtar, og samanlikna med både CD og DVD utmerkar det seg med at det går føre seg utan stresslyd korkje når det er fortissimo eller pianissimo. Når eg spelar ”Vete meininga” av Ellen Sejersted Bødtker på ”Sonar” (2L 2007), er attgjevinga av harpeanslaga så vel som fiolinattakka veldig naturlege, sjølv når det spelast pianissimo. Og dette held seg like godt når det spelast på det røffaste. Akkurat same fenomenet høyrest endå meir tydeleg på albumet Divertimento, andre satsen av Britten: Simple symphony ”Playful pizzicato”(2L 2008).

Same kva kutt eg spelar, og kor hardt musikarane dreg på, vert det ikkje den aller minste tendens til overstyring, og heller ikkje noko som liknar manglande oppløysing når musikken vert på det svakaste.

Men så spelte eg ei av dei råaste innspelingane som finnest – på vinyl, iallfall: 1812-overture på Telarc CD (eg har ikkje SACD-utgåve av denne). Dette opptaket er på grensa av det mulege då det vart gjort. For å få dynamisk plass til dei kraftige kanonskota, måtte volumet settast svært lågt. Og her kan ein tydeleg høyre at opptaket høyrest flatt og daft ut i innleiinga der det spelast svakt, men at det manglar noko også når det vart på det aller argaste. Det er noko heilt anna på vinylplata. Og det slår meg kor greitt det kunne ha vore, om Telarc hadde hatt sjanse til å bruke 2L sitt noverande opptaksutstyr….

Blu-ray-filmar var også veldig godt presentert av Oppo, og eg måtte også høyre korleis spelaren gjorde det i multikanalsanlegget. Her var det sjølvsagt flott bildeattgjeving, og det sjølv om min tilårskomne projektor ikkje hadde HD-oppløysing ein gong. Lyden av multikanal var altså det eg prøvde seriøst ut. Kort fortalt løfta BDP 105D det moderat prisa multikanalsanlegget mitt slik at det absolutt var høyrbart. Men til eit anlegg i denne klassen er 105 overkill. Det finnast billegare modellar eg då heller ville satsa på. Det var vanskelegare å skilje mellom formata når dei rimelege Mirage-høgtalarane avløyste mbl, så du må på eit visst kvalitetsnivå for å løyse ut potensialet til spelaren. (det skulle vore moro å prøvd ut BDP 105 på eit multikanals mbl-oppsett, men det har eg beklagelegvis ikkje høve til)

Det viktigaste er at du koplar til Internett. Og så har du vel ein TV, som kan brukast til monitor. Du får no automatisk opp albumomslaget til CD-en du spelar.  Rimelegvis ikkje alle opplysningar du finn på coveret og innstikka på vinylplatene, det er same tenestene som vi får gjennom musikkstrøymingstilboda frå Spotify og dei andre musikkleverandørane. 

Eg oppdaga at det var eit innstillingsalternativ som heitte ”Pure audio”. Trykte du på denne, forsvann grafikken frå TV-skjermen. Eg prøvde denne ved avspeling av ein del intrikat musikk, men kunne ikkje slå fast at lyden vart betre når eg tok bort TV-bildet. Men merkeleg nok verka lyden litt mindre oppløyst når eg gjekk attende til grafikkmodus. Etter å ha ”øvd” på dette fenomenet ei tid, klarer eg framleis ikkje å tippe rett modus, men eg har inntrykk av at det er ei aning lydkvalitet å hente ved å slå av grafikken. 

Du treng definitivt ikkje Smart-TV med denne spelaren. På fjernkontrollen ligg ein direkteknapp med tilkopling til Nettflix, der du går rett inn i tilboda derifrå (du må sjølvsagt betale om du ynskjer denne tenesta).  Dette er kanskje ikkje så viktig for dei som har alternative tilkoplingsmåtar, (eller for dei som slett ikkje kastar bort tida på film), men Oppo-alternativet vil nok vere det beste for mange. For det fyrste har du lyden gjennom den integrerte konverteren. Det er også slik at bildeprosesseringa via 105 D er noko for seg sjølv. Eg kan ikkje komme på nokon annan spelar som har like godt videobilde som denne, og det kjem alle signal som går gjennom spelaren til gode. Her er også HDMI-inngang, slik at dei fleste signalkjelder kan takast inn. Men det å få skikkeleg kvalitet på Nettflix – og dei andre streamingtenestane – er svært hyggjeleg. 

 

Alternativ 2: Bruk av HDMI-inngangane

Det er ein slik på både bak-og framsida av spelaren. Eg kopla til Viaplay-boksen, slik at alt frå Dagsrevyen til ymse filmar vart sila etter Oppo-metoden. Lydsignalet kom ut av dei analoge lydutgangane, medan bildesignalet vart sluppe ut via HDMI-utgangen til TV-skjermen. Og det er forbløffande å høyre alle detaljar i all slags TV-lyd. Av og til blir du positivt overraska, men det er også mange irritasjonsmoment i eiteren.

 

Alternativ 3: Film på Nettflix, Youtube, og mykje anna.

Så lenge ein har hekta på ein kabel til Internett, kan ein hyggje seg med ymse nettenester. Diverre ikkje HBO, så Game of Thrones må ordnast på andre måtar. Og det er her BDP treng ei tilpassing til den norske marknaden.

Oppo gjer ein utmerka jobb, uansett om du brukar Darbee-funksjonen eller ikkje. Men Det er ekstra fint å legge på nokre prosent av denne. Du kan gjere direkte A/B-samanlikningar på to måtar: Anten ved å splitte skjermen i to delar med "før/etter", eller ved hjelp av ein funksjon som sakte skrollar heile skjermen. Greit å gjere til du er fornøgd.

 

Alternativ 4  og 5 optisk og/eller coax- inngang.

Spelaren er utstyrt med to digitale inngongar, coax og TOS-linkinngang. Mitt inntrykk er at  Coax er noko betre, men det er ikkje himmelvid skilnad. Eg har lagt opp begge alternativ frå Sonos-boksen i anlegget, og det vert uviklårleg betre lyd via Oppo enn med DACen til Sonos. Eg har brukt ein kjempelang optisk kabel for å kople på ein CD-magasinspelar frå eit anna rom, sidan denne er lettare å hanskast med enn ein tjukk coax, men han er ikkje i dagleg bruk.

Begge systema er utmerka, men kan ikkje måle seg med det du får ut av sølvplater. Og når det spelast noko skikkeleg via TV, er også HDMI-inngangen overlegen dei andre digitalinngangane.

 

Alternativ 6: USB

Eg har lagra nokre musikkopptak i ulike format på ein minnepinne med litt musikk på, og må seie at lydkvaliteten også her er topp. Denne spelaren fiksar alt eg har greidd å finne på av utfordringar, og det på glimrande vis.

 

Ekstra bonus: Bruk av øyretelefonar

Dette vart eg tipsa som å legge særleg merke til. No har eg ikkje prioritert spesielt gode høyrelurar, men det er tydeleg at BDP 105 har ein øyretelefonutgang som får det beste ut av det du måtte ha. Eg har veldig lyst til å sjå kva som skjer med Oppo sine heilt nye øyretelefonar, og gjerne andre i aller øvste kvalitetssjikt. Dette må vente til det byr seg eit høve, men eg har mistanke om at det ikkje vert aktuelt å kjøpe eigen forsterkar til slikt bruk så lenge eg har tilgong på denne spelaren.  

 

Plassering og det visuelle.

Anlegget mitt ser no nesten normalt ut. Eit par litt særprega høgtalarar, med ein integrert forsterkar og  Oppo-spelaren mellom seg. Ein platespelar i kroken, med nokre straumforsyningsboksar under. Dette er nesten diskret, i høve kva det kunne vore.  Eg har kjøpt svart utgåve, slik at spelaren matchar både ASR, MBL og den vesle dingsen frå Viasat. Med ein TV hengande på veggen bak. Berre Sonos-boksen lyser kvit mot oss, og den skal eg få gøymt vekk når eg finn ei litt betre leidning. Sånn er det altså å vere konform og stovevennleg. Det var faktisk ikkje så ille, eigentleg.

 

 

Konklusjon:

Det er altså eit uvanleg stort handlingsrom du får når du skal ha lyd og bilde frå BDP 105 D. Dingsen kan ikkje berre gjere alt, han gjer tinga på ein måte som du neppe kan verte misfornøgd med, sjølv ikkje med eit ganske heftig ambisjonsnivå innan både lyd og bilde. Det truleg betre spelarar for sølvplater. Men dei er ikkje opplagde val som må kallast konkurransedyktige med pris/kvalitet. Uansett vil dei vere dyre, og truleg kan dei ikkje gjere like mykje som denne her.

Oppo-spelaren er den fyrste verkelege universaldings i både audiofil- og videofilkvalitet. Dingsen spelar ikkje Minidisc, Laserdisc, VHS, kassettar, spoleband eller 78-plater, men det er til å leve med. Og når dei formata han er laga for fungerer så godt som her, kan eg ikkje sjå konkurrentar.  Det er berre dumt å ikkje kjøpe denne spelaren.

 

Ein siste ting eg ynskjer meg, går på brukskomforten (når vi likevel skal skjemmast bort): Kan ikkje importør Nobleman ordne alternative linkar i staden for VUDU, ChinemaNow og Pandora? Ingen av desse verkar her i landet, og vi burde heller ha tilgong på nokre norske greier. Ettersom Oppo tidlegare har greidd å organisere nynorsk som språkalternativ, må dette vere barnemat å lage som oppgradering. 

 

Norsk importør: Nobleman 

Les meir hos Oppo.

 

 

Lest 7462 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.