torsdag september 19 , 2019
lørdag, 17 januar 2015 11:30

Swissonor B.A.C.H. 8d

Skrevet av

Morosame forkortingar ser vi frå tid til anna og Swissonor har tydelegvis sansen for slikt. Denne gongen tyder det Bass Adjustable Coplanar Horn. Og desse minste horna til Swissonor er svært så kapable…

 

Dette er den minste høgtalaren i Swissonor-programmet. Elementa ser ut til å vere dei same åttetommarane som i BACH 8e, og dei tonale kvalitetane er ganske like. Prisen er også ganske lik, og dei tekniske spesifikasjonane er nesten dei same: dei skal spele 52 – 15 kHz +/- 2dB, medan ein deciBel skiljer effektiviteten.  E-utgåva var den opprinnnelege konstruksjonen, og vi kjem attende til denne etter kvart. Konstruksjonen. D, som prøvast ut her, er nok eit forsøk på å få same eigenskapane inn i eit meir normalt kabinett, noko eg absolutt synes er velukka. Vi har ein ganske normalt utsjåande høgtalar, som monterast på medfylgjande metallstativ ved hjelp av skruar. Metallstativet er L-forma, og har ganske mykje svikt i seg, men i motsetnad til d-utgåva er det ikkje problem å bruke anna stativ. Men høgd og stabilitet på det medfylgjande er ganske fornuftig, og eg kunne faktisk ikkje registrere nemneverdige skilnadar i dynamikken ved bruk av anna underlag. Det er dessutan veldig greitt å flytte høgtalarane når stativet fylgjer med. Utprøvinga gjekk i all hovudsak føre seg med desse stativa påskrudde.

Det kan såleis vere lurt å tenkje på korleis høgtalarane skal brukast før du bestemmer deg for modell. Det finnest også to større høgtalarmodellar, ein med 10” element som spelar 96 dB/Wm, og er oppgjeven til 50-15k Hz +/- 2dB, medan den største utgåva med 12” element skal spele heile 97 dB, og gå heilt ned til 46 dB.  Og den som prøvast ut her, er oppgjeven til ”berre” 93 dB. 

8d har ein spesiell akustisk ventil, som du kan justere. Ved å skrue på ein ”kopp” i bassporten kan du regulere luftmengda som slepp gjennom. Skrur du koppen innover, får du typisk noko kraftigare dynamikk, medan nivået nedover vert noko kraftigare (du får meir guffe på dei djupare tonane).  Swissonor skriv at justeringar her kunne føre til at høgtalaren gjekk eit par dB djupare. Her vil rom og plassering spele kraftig inn.

 I bruksrettleiinga stod det at høgtalarane burde plasserast parallelt med bakvegg, og helst ganske nær denne. Eg eksperimente ein del, men kom fram til at det var mykje å hente i lydbilde ved å få dei eit stykke unna veggane. Litt vinkling innover kan ha sine fordelar, men med tanke på lydbildet, er eg meir tilbøyeleg til å lyde produsenten sitt råd. Du får veldig gode perspektiveigenskapar og instrumentplassering når høgtalarane peikar nesten rett fram.

Du skal berre vinkle dei så mykje innover at du får med deg diskanten skikkeleg. Og ettersom dei spreier lyden på ein glimrande måte, er det ikkje mykje som skal til.  

Høgtalarane er oppgjevne til å ligge pluss minus 3 dB mellom 52 – 15 k, og det stemmer ganske sikkert. Eg sjekka så langt eg kan registrere med eigne øyrer, og la merke til at høgtalarane faktisk leverer 15 kHz (grensa for kva eg får med meg no etter kvart). Nokre tykkjer kanskje at 52 Hz er lite bass, men Swissonor har vore ganske beskjedne med å gje opp bassen. Her går det med akseptabelt lydtrykk ned til rundt 40 Hz i rommet mitt på 24 m2 – under dette er det også liv, men skal du få med dei djupaste frekvensane må du jobbe mykje med plasseringa, svært nær bakvegg, og då kan det gå ut over perspektiv og 3D-eigenskapar.  Er bassen heilt avgjerande kan 8e-utgåva vere eit betre alternativ, då desse gjer meir ut av å stå nær bakveggen. Her må ein berre bestemme seg.

Eg prøvde ut høgtalarane med tre forsterkaralternativ (ASR Emitter 2 Exclusive, i tillegg til Swissonor sine to eigne), og fann at høgtalarane er ganske ”saftige” i klangbalansen, og såleis eit stykke unna nøytrale. Men dei er i stand til formidle musikken som få andre, og dei maskerar ikkje detaljar eller lydbilde. Den aller djupaste bassen er fråverande, så spelinga av Dark side of the Moon og andre bassfrikelydar får ein finne seg i å stå over. Men stort sett er det enormt med speleglede og mykje å glede seg over ved å spele BACH 8d, spesielt med eigen Swissonorelektronikk til drifta.  Ved bruk av ASR Emitter 2 Exclusive spelast det vesentleg meir nøytralt, men det er ikkje noko poeng her. Swissonor sin lydfilosofi går ikkje etter det nøytrale, men det som er kjernen i musikken. Og dette får eit reint Swissonoranlegg fram til fulle. Det er så mange innspelingar som er kjedelege, sjangrar som er travle å høyre på, og ting ein etter kvart har vokse frå. Og så kjem dette meisterverket av ein sterk subjektiv, begeistra høgtalar, og får meg til å lytte til alle desse gamle innspelingane. I tillegg spelar eg meir enn gjerne dagens komprimertlyd utan å sjenere meg noko særleg. Det verkar som om lyden på ein måte får tilført dei dynamiske nyansane igjen, om lag som dei gamle gitarforsterkarane som hadde ”Presens”kontroll på fronten. Alle stemmer, av begge kjønn, får ein tendens til å gje meir innleving, meir patos, meir duende (som spanjolane seier), og instrumenta vert vakre. Ein får kjensla av at alle trommisar har gått over til Gretch slagverk med sargar i ekte tre, og at alle trommeskinn er skifta til noko betre. Fiolinistane har fått råd til dyrare fioliner, og studiomusikarane har øsa seg meir opp. Harry Belafonte og Dusty Springfield i superinnspelingar vert naturlegvis formidla på ein fantastisk måte, men det gjer sanneleg mange andre, mindre fantastiske innspelingar også. Har konstruktøren brukt Viagra, tru?

 

 

Symbioseeffektar

Kombinasjonen av høgtalarar og rørforsterkar er eit svært gjennomtenkt opplegg. Då eg rigga opp vinylriggen til Swissonor, vart endeleg konseptet tydeleg. Den litt daffe Ortofon 2 M Red fekk no verkeleg fart på seg, og spelte dynamisk som aldri før. Og no kom den svært gode messelyden som Swissonor leverte på Hortenmessa attende. Dette fungerte ikkje berre godt, men heilt glimrande. Eg spelte Genesis med akkurat passeleg pondus, ikkje heilt i same klasse som referanseriggen min, men med det engasjementet og den patos som må til for at det ikkje skal verte kjedeleg.

Det er som kombinasjon at Swissonor-anlegget verkeleg blomstrar. Forsterkaren VSOP passar veldig godt, og gjev akkurat så mykje fleskefeitt som skal til for å få fram det rytmiske og dynamiske, utan at det går ut over oppløysinga. Aller best likte eg å spele vinyl. Og det var ingen grunn til å bruke VPI-spelaren og resten av min eigen referanserigg. Dette var overkill, for den Swissonor-modifiserte Thorens TD 160 med billegaste Ortofon-pickup gjer jobben på lag like godt. Men det går veldig bra å hekte på ein vanleg CD-spelar, eller drive nettstrøyming. Opplevinga av at anlegget boostar dynamikken, er veldig tilfredsstillande for mi personlege lytteoppleving, Det går endeleg an å få til dette i referanseanlegget også, når eg har rette riaatrinn,  rett innspeling og ein god pickup (som diverre oftast kostar meir enn godt er….) Men når du spelar på dette anlegget….du oppgraderar ein gammal Thorens, hektar på ein billeg MM-pickup, brukar Swissonor sitt riaatrinn i den integrerte V.S.O.P.,, som leverer varene i eit sett Swissonor BA.C.H. Det heile spelar så engasjerande at du gjev blaffen i at klangbalansen kanskje ikkje er så forbant korrekt, og at 3D kan gjerast betre om du er villeg til å bruke nokre titusenar på rette uststyret.

 

Løyndomen til Swissonor

Det verkelege trikset Swissonor gjer, er å tydeleggjere det dynamiske i musikken. Og det at små nyansar så vel som dei friske fråsparka er så lette å få med seg, gjer at dei fleste vil la seg glede over dette anlegget. Det liknar på nokre av dei friskare hornsystema eg har vore bort i, og er verd prisen.

 

Hokken skal en godblonke tel?

Når det gjeld dei to høgtalarutgåvene eg prøvde ut, var det vanskeleg å bestemme seg for kva eg likte best. Dei litt store e-utåvene hadde meir bass når du jobba dei opp mot bakvegg, men hadde ikkje heilt så gode perspektiveigenskapar og evne til pinpointing som dei mindre 8d.  Desse småkarane var lettare å plassere, og det gjekk svært lett å få optimale perspektiveigenskapar. Eg vart sitjande i lyttterom #2 i ein likesida trekant med 2,4 meters sider, og høgralarane om lag 60 cm frå bakvegg, og langt frå sideveggar. Dette er ei plassering som normalt gjev flott perspektiv, men det fører også til noko tap av bass.

 

Lavt like bra som høgt

Det er bra å kunne melde at anlegget er å kunne spele høgt nok til dei fleste behov, også med den vesle rørforsterkaren. Men endå større kvalitet er det å kunne spele ganske lågt, og likevel ta til fulle vare på dynamikknyansane. Dette kan trygt samanliknast med mange elektrostatar i dynamisk nyanseringsevne, og saman med det faktum at kassehøgtalarar no eingong får litt meir trøkk og definisjon i botnen, vert dette ein knallkombinasjon. Å spele i timevis på svært lågt volum utan å føle at ein går glipp av noko, har eg berre opplevd på svært gode elektrostatar tidlegare. Perfekt for folk som bur slik at dei ikkje har høve til å spele høgt til vanleg, men som gjerne vil kunne gjere dette likevel, når det passar.  Eg hadde sjølvsagt nokre meir utagerande økter i tillegg til dei stille stundene på svakt volum, og begge høgtalarmodellane greier godt å spele med ganske godt trøkk i mitt lytterom #2, men dei største gjorde ein betre jobb når eg fekk bråkebøtte-tendensar – i eit pubertalt tilbakefall sette eg på Slade, Nazareth, så vel som Led Zep og Deep Purple, og her føretrakk eg faktisk e-utgåva litt, om enn ikkje i slik grad at eg skifta høgtalarar i samsvar med musikkvalet. Høgtalarane er ganske like, eigentleg.

Det er også slik at transistorforsterkarane på 50 watt greier denne idretten noko betre enn vesle V.S.O.P. Dei lydlege ideala er ikkje så veldig ulike, og det er ikkje allverda av skilnad i guffe. Rør er rør, og transistorar transistorar, så om du er entusiast for det eine eller det andre, er det berre å fylgje lystene sine.

 

Høg guffe går veldig bra

Speling av Focus, Deep Purple m.m. på det vi kan kalle tilstrekkjeleg lydnivå går veldig bra. Det tydelege preget av ein rørforsterkar som arbeider seg varm i trøya tykkjer eg går heilt greitt, og skal ein på død og liv ha det reinare, er det berre å skifte til ein ASR eller noko sånt. All farginga av lyden er av det gode slaget. Du mister ikkje detaljar, frekvensområde eller perspektiv, og det du får i tillegg til det som er he, er ei tydeleggjering av det musiske. Har du lurt på korleis bassløpet eigentleg er på ”Woman from Tokyo”? Det høyrer du så til dei grader tydeleg over Swissonoroppsettet. Dersom du er spesielt begeistra over Gretch slagverk med skikkeleg tresarg, er dette høgtalarane for deg. Dei legg vekt på akkurat dei kvalitetane slike slagverk har, og dei får tydeleg trommeskinnlyden fram.

Likar du Steeleye Span, men tykkjer vokalisten er litt for dominerande? På ”All around my hat” endrar dette seg ikkje, men det gjer ingenting, fordi resten av bandet vert så saftig attgjeve. Og om du likar Svensktoppar og Bjørn Skifs, kan du neppe få lyden meir i samsvar med musikken si ånd. Dette kan du rett og slett få lyst å danse til, utan at du opplever at du på nokon måte går glipp av lydkvalitet – tvert imot, her skapast det tydelegvis lydkvalitet.

Eg fann det naturleg å trekkje samanlikningar med Snell og Stig Carlsson sine konstruksjonar. Swissonor har romsleg sweetspot, sjølv om det må innrømmast at sweespot til Carlsson er romslegare, som ein konsekvens av måten lyden spreier seg i lyttrommet. Men begge Swissonorhøgtalarane er utmerka, og er vel hakket meir tilgjevande enn Snell. Klangmessig kan ein også godt trekkje parallellar til kombinasjonen Snell/Audionote.

 

Perspektiv på tinga

Det er også verd å nemne at det også er svært gode perspektiveigenskapar frå 8d, som berre manglar det aller siste i detaljoppløysing i lydbildet for å kunne kallast ganske unik.

Dette er kanskje ein av dei høgtalarane som byr på mest speleglede. Han er ikkje nøytral, det er så. Men det vert så innmari hyggjeleg å høyre på veldig mange musikksjangrar, og eg fann ikkje noko av 70-talsmusikken min som hadde problem over attgjevinga her. Eg assosiserte gammal Tandberglyd, men hadde også store ”moderne” opplevingar av å spele Mumford & sons, latino og det meste andre eg sette på. Instrument høyrest veldig bra ut, men eg vart spesielt ut frå vokalprestasjonar. Anders Jektvik, Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland, eller Monica Heidal er like flott, og den litt spesielle klangkarakteren til desse høgtalarne framhevar nesten alle songartistar på ein framifrå måte. 

 

Konklusjon

Dei små 8d er litt pussige høgtalarar, som sånn reint spesifikasjonsmessig teoretisk ikkje er så mykje å skryte av. Utsjånaden er dessutan ganske enkel. Men her skal ein ikkje skode hunden på håret. Dette er ein kamuflert edelstein av det aller likaste slaget, ein høgtalar som er i stand til å gje utmerka avspelingstilhøve til ikkje berre superopptak, men som trekk fram kvalitetar også på ganske middelmådige innspelingar. Og det utan å forkleine dei verkeleg gode opptaka. Akustisk musikk er nok favoritten, og måten symfonisk så vel som kammermusikk vert attgjeven på, er alltid hyggjeleg. Å høyre gode vokalistar av begge kjønn formidla så sympatisk, er verkeleg flott. 

Med glimrande perspektiveigenskapar, og noko av den flottaste dynamikk på marknaden er det også flott å kunne rapportere at det kan spelast med ganske høg lydstyrke med små forsterkarar, men også heilt lågt i seine nattetimar utan å vekkje dei som søv i naborommet. Dette er ein fantastisk høgtalar som garantert vil sjarmere deg.

 

 

Pris i Norge er kr. 28.700,-

 

Takk til Bebop HiFi for lån av testeksemplar.

 

Les meir om Swissonor B.A.C.H. 8d her.

 

Les og vår test av B.A.C.H. 8e her.

 

 

 
 
Lest 4803 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen