søndag april 21 , 2019
tirsdag, 01 mars 2005 23:00

Marantz SA-11S1 SACD

Skrevet av
Marantz SA-11S1 SACD Marantz SA-11S1 SACD

SACD og CD - to svært aktuelle format som ser ut til å ha livets rett. Problemet er å finne ein boks som klarer begge format like godt. Her er Marantz sin toppmodell, SA 11S1 som klarer dette svært bra. Heller kostbar, men likevel ei fornuftig investering.

Av Arve Åheim 02.03.05

Når denne svinetunge saken er pakka ut, er det du har framfor deg imponerande. Alt ved denne saken osar av kvalitet. Og det lydlege skuffar heller ikkje på nokon måte.

Design og utstyr
Det som skiljer SA-11S1 frå dei fleste konkurrentar, er at dette er ein rein stereokonstruksjon, utan noko ekstra fiksfakseri med surroundlyd eller bildefunksjon. Alle ressursar er altså sett inn på denne eine funksjonen, og det gjer at du får svært mykje for (dei trass alt mange) kronene han kostar. Det har resultert i uvanlege løysingar, og all den tid konstruktørane kunne ha eit så smalt fokus, har dei også lukkast med å skape noko riktig matnyttig.

På baksida finn du to sett stereoutgangar, eitt balansert i tillegg til dei vanlege, som eg brukte. Det er også uttak for digitalt signal, men ein kort utprøving av dette mot Sony STR-DB900 ovetydde om at den innebygde DAKen gjorde ein betre jobb. Du er uansett avhengig av denne for å spele SACD. Og så er det kontaktar for å linke saman fleire produkt til fjernkontroll. Meir er det ikkje på baksida. 

Framsida har den fine symmetriske oppbygginga du også finn på forsterkaren i same serie. Displayet har nettbrytar rett under displayet og plateskuffa. På venstre side finn du ein veljar mellom SACD og CD avspeling. Elles er her berre dei seks vanlege funksjonane for avspeling. Resten av det du kan arbeide med, er tilgjengeleg berre gjennom ein solid fjernkontroll. 

Filterfunksjonar
Spelaren har tre ulike filternivå du kan velje mellom. Desse er svært interessante å registrere effekten av. ”Filter 1” gjer ingenting med SACD-signalet, medan CD får ein forsiktig feitare lyd, som eg opplever svært attraktivt. Dette tilfører rett nok musikken ei aning meir enn det som ligg i opptaket, men det er svært, svært kledeleg. Mykje av lytteinntrykket mitt var basert på Filter 1-posisjon. I handboka fortel Marantz at filteret har ”assymetrisk for- og etterklang” og ”langsam demping av analoge karakteristika”

”Filter 2” artar seg noko annaleis lydmessig. Her er det langsam demping åleine, og lydresultatet er ikkje særleg markant på CD, men skal dempe frekvensar over 100 kHz for SACD og syte for auka oppløysing. Eg tykte effekten av dette filteret var marginal, men enda likevel med å bruke det på ein del CD-plater.

”Filter 3” er litt meir merkbart, og ein sånn forvirrande funksjon du ikkje er sikker på om du likar. Det vart ikkje mykje brukt av meg etter at eg forvissa meg at det hadde ein funksjon.

Støyregulering har det også vorte plass til. Dette er ein type digital feedback som visstnok ikkje skal påverke måleresultata, men likevel har lydleg effekt. Her er det berre å trykke, og sjå om du registrerer forbetring. Det er ein etter måten svakt høyrbar effekt av dette, mest merkbart i bassen, men heller ikkje her greidde eg bestemme meg for om denne var udelt positiv. Du må rett og slett bestemme sjølv om vil bruke denne.

Endeleg er her eit DC-filter. Dette verkar nede på 1,7 Hz, og har ingen høyrbar funksjon som eg kunne registrere, men eit slikt filter kan hindre subsoniske, skadelege frekvensar. Eg har ingen CD-ar eller SACD-plater som inneheld noko slik informasjon, så eg fekk ikkje opplevd nytteverdien. Mitt filteroppsett som omtalen er basert på, er: støyregulering av, DC-filter på, og Filter1 på SACD, medan CD har veksla mellom Filter 1 og 2. Eg brukte heller ikkje dei balanserte utgangane.

Generelt lytteinntrykk
(Spelaren vart brukt i hovudsakleg fire oppsett, eitt i referanseanlegget, eitt oppsett der McIntosh MA 6500 gjekk inn som forforsterkar/effektforsterkar for øvre frekvensområde i referanseanlegget. Eg brukte også ARC SP 10 og Copland CTA 520 saman med Audiovectorhøgtalarar i dette lytterommet. I lytterom 2 veksla oppsettet mellom MA 6500 og Marantz eigen PM-11S1, og Tannoy Eyris og Audiovector Arreté som høgtalar.)

Endeleg, tenkte eg etter fyrste lyttekveld med denne saken. No er det råd å høyre informasjon frå sølvplater på ein skikkeleg måte. Med bruk av filterfunksjonar vart det meir og meir tydeleg at ikkje berre SACD hadde svært overtydande grad av informasjon, men også vanlege CD-plater fungerte ekstremt godt, betre enn noko annan CD-rigg eg har fått prøve ut på ein skikkeleg måte. Såleis må det seiast at mine beste inntrykk frå Mark Levinson og Holfi frå fleire år tilbake må seiast å vere klart overgått, både ut frå det eg hugsar, og ut frå korleis eg har beskrive lyden frå desse produkta. Faktisk ligg ikkje CD-avspelinga nemneverdig tilbake for SACD når det gjeld bassreproduksjon eller rominformasjon. Berre innan dynamikk og høgfrekvens var SACD tydeleg betre. Dette sjokkerte meg, men tendensen til at CD i større grad enn nokon gong tidlegare vart berre meir og meir tydeleg etter kvart som eg prøvde spelaren i dei ulike oppsetta. Denne generelt gode lydkvaliteten er ikkje avhengig av at du stiller filtera i spelaren frå avspeling til avspeling. Effekten av dei er merkbar, men ikkje slik at du treng å vere redd for å ha feil innstilling. Det er mindre smakstilsetningar som du strengt tatt kan klare deg utan.

Konklusjon
Om du kan tenkje deg å satse på SACD, men har hovuddelen av musikksamlinga di på CD, og ynskjer å kunne spele desse med så godt resultat som råd, er Marantz SA-11S1 truleg eitt av dei betre vala du kan gjere. Spelaren er på alle måtar svært god, særleg når det gjeld audiofile idrettar som rominformasjon og detaljoppløysing, og eg kjenner på meg at du skal bruke alvorleg mykje kronasje for å få det merkbart betre. Einaste avgrensinga til produktet, er at det er utelukkande tiltenkt stereo, noko eg ikkje på nokon måte kan få meg til å sjå som ei ulempe. Beste digitale signalkjelde eg har prøvd nokonsinne! Ein kandidat til referanse, men ettersom eg ikkje har høyrt Sony XA 9000 ES så langt, nøyer eg meg med å kåre SA-11S1 til "Best in class" (- prisen er nokre tusenlappar lavare enn XA 9000 ES, som også spelar surround.) Marantz SA-11 ES er eit digitalmedium som gjer alle ting betre enn alle andre spelarar eg har høyrt! 

 

Tekniske data:

 

  • Bandbreidde:   2 – 200 000 Hz (SACD)        2 – 20 000 Hz (CD)
  • Dynamikkområde:         114 dB (SACD)                 100 dB (CD)
  • Mål: 44 x 12,3 x 41,8 cm
  • Vekt: 14 kg Pris: 27 995 kr
  • Importør:   www.nebyhifi.no
  • Produsent: www.marantz.com

 

Lest 3819 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « NAD T562 Marantz SA 8400 »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen