tirsdag oktober 15 , 2019
mandag, 30 april 2007 23:00

Pioneer VSX-2016AV

Skrevet av

Pioneer har alltid vore kjent for å vere langt framme i utviklinga, og satsar sterkt på nye, praktiske løysingar innan underhaldningselektronikk. Eg var i utgangspunktet svært fornøgd med den eldre 1015, men fekk no høve til å prøve skikkeleg ut den nyare og større modell 2016.

Av Arve Åheim mai 2007

Utsjåndad og utforming.

Som på tidlegare modellar har Pioneer passa på å ha eit imponerande design på receivaren. Dette er visuelt eit produkt som stikk seg fram, og syner stor rikdom på fasiltetar og alternative bruksområde. Som du må forvente på såpass kraftige og påkosta apparat, er det også stort og veg ein del, så vi snakkar ikkje om diskresjon. Dette er tydelegvis eit produkt for entusiasten som veit kva han vil ha.

Men det eg var mest spent på, var Pioneer sitt nye automatiske system for oppstilling og justering. Eg har lenge helde Bose si løysing for å vere det mest brukarvenlege eg har prøvd, men venta på at andre produsentar skulle finne noko tilsvarande. Innovative Pioneer var ikkje uventa ute med eit alternativ som dei kallar MCACC. Både Pioneer og andre produsentar har hatt meir eller mindre automatprogram for innstilling av anlegget, men etter mitt syn har ingen så langt vore så lettvinte i bruk og så effektive som Bose sitt system, som på si side av og til kritiserast for å vere litt dyre og spesielle.

MCACC-systemet lovar iallfall mykje, og det innfrir iallfall når det gjeld prosedyre. Sjølv om det ikkje fylgjer med eigen instruksjons-DVD med bruksrettleiing på svensk, er det enkelt å plugge inn målemikrofonen og starte det automatiske programmet. Eg har no prøvd dette i fire ulike rom, og med tre ulike høgtalaralternativ.

Systemet fungerer svært godt. Nøytral frekvensgong er nok det som er mest populært, og MCACC ordnar dette svært godt ut frå rommet sine kvalitetar, både i små og store rom. Det ser ikkje ut som det i like stor grad klarer å rette opp svake sider ved høgtalarar som ikkje er ideelle, så på mine Mirage Omni-/Nanosat valde eg å gå inn og manuelt fintrimme litt etter eigen smak for å få klangresultata slik eg helst vil ha det, altså litt varme, ekstra bass og mindre distinkt i området over 4 kHz. Det gjekk heilt greitt å gjere sånne personlege justeringar, men det krev litt meir av deg enn om du vil lite fullstendig på MCACC-systemet. I eit system der høgtalarane er prioriterte, er dette oftast ein grei måte som mange vil vere fornøgde med. Saman med SVS-høgtalarsystemet fungerte MCACC svært så greitt, og få minutt gjekk med til å få oppsettet til å låte riktig så godt.

Eg vil nok framleis hevde at Bose si totalløysing er den raskaste og mest brukarvenlege måten å justere anlegget på for den som ikkje er særleg interessert i å skru sjølv, men når MCACC-systemet til Pioneer kan by på fleksibiltet på høgtalarval, er det likevel ei løysing som mange tykkjer er meir tilfredsstillande. Ikkje minst kan du sjølv gjere dei innstillingar som du subjektivt og lokalt tykkjer er viktige. Og så må du også sjå på forsterkaren sitt store utval av inn- og utgangar. Her manglar ingenting anna enn HDMI-lydoverføring frå SACD-spelar. Dette fekk eg ikkje til, men mykje tyder på at dei rimelege spelarane eg brukte under utprøvinga ikkje har desse funksjonane. Elles er tilslutningane i fronten fine når familens håpefulle vil kople spelekonsolla sine eller MP3-spelaren inn på anlegget. Ein svært så

 

 

 

familievenleg sak som ikkje er vanskeleg i fyrste gongs oppstilling eller i den daglege bruken, men likevel med rikeleg av menysystem og justeringsval for den som ynskjer å få maksimalt ut av anlegget.

 

 

 

Her er eit hav av funksjonar, og i alt 7 kanalar, med høve til å bruke to av dei til sone 2-lyd.  Det er plass til tilkopling av det aller meste, og både ipodbrukarar og SACD-entusiastar har vorte ivaretekne på best tenkjeleg måte, med eigne inngangar.  Her er til og med ordna HDMI-inngang som kan ta SACD-signala digitalt inn, men denne fekk eg ikkje til med dei spelarane eg hadde tilgjengeleg. Om dette er viktig for deg, må du spørje i butikken.

Elles var radiodelen av dei betre eg har prøvd, og minst like god som mottakaren på den tidlegare testa VSX-1015.

Ein annan fin ting med VSX-2016 er at han held seg kjølig under alle dei brukssituasjonar eg fann rom for i den lange utprøvingsperioden. Slikt lovar om lite belastning av komponentane, og dermed lang levetid og stor tryggleik i det daglege. I ei lang utprøvingsperiode på over 8 månadar har det ikkje vore det minste problem med denne forsterkaren, og eg vågar gå god for at dette er ein svært driftssikker sak.

Lydkvaliteten

Dette er ein faktor som ikkje må undervurderast i alt oppstillingsarbeidet. Trass alt er oppstilling noko du gjer ganske få gonger, medan lydkvalitet er noko du må leve med kvar dag.

Eg var godt fornøgd med Pioneer sin no utgådde 1015-modell, som gav mykje godlyd for pengane, og hadde forventningar til at den større, dyrare og nyare 2016 skulle by på meir av dei gode eigenskapane. Desse vart delvis innfridde, men vi gjekk ikkje opp ein divisjon i spelestil, sjølv om her aldri var snakk om klipping eller at forsterkaren på noko tidspunkt vart kortpusta. Men ved rein musikalsk samanlikning med Harman Kardon AVR-445 kom sistnemnde best ut. Dette kan eit stykke på veg forklarast med min personlege smak, som tenderar meir i retning av det frodige og entusiastiske enn Pioneer VSX 2016 sin presise og meir analytiske spelemåte. Somme vil nok vere ueinige med meg, og det avgjerande bør som alltid vere matchinga til dei andre komponentane. Saman med dei rette høgtalarane (som ikkje bør vere alt for analytiske og "hifi-aktige" i den negative forståinga av ordet. Eg ville heller gå for Dali sin Concept-serie framfor B&W, for å gje eit konkret døme) vil VSX 2016 glitre og levere, spesielt når det gjeld detaljrikdom. Eg har også vanskeleg for å tru dei vil klippe i kinosamanheng nesten uansett kva lydtrykk du vil plage deg sjølv med, men det kjem an på om du brukar subwoofer eller baserer deg på fulltonedrift. Men reint personleg vil eg også seie at om du fyrst og framst ynskjer fokus på det eksplosive, og engasjementet i musikken, finnest det betre alternativ ein tusenlapp eller to høgre oppe i prisklasse. Sjølv om heimekinoentusiasten normalt også gjer mykje gjennom equalisering og fintrimming.

 

Konklusjon

 

 

 

Pioneer VSX-2016 sitt sterkaste kort er det svært effektive og enkle MCACC-innstillingssystemet, og dei store effektreservane. Musikalsk sett har denne receivaren dessutan lydmessig appell til dei som held detaljrikdom og presisjon som viktigaste lydkvalitetar. Bruksmessig er det eit svært så foruftig, men likevel imponerande alternativ, med plass til iallfall alt eg kunne komme på kunne koplast til eit heimekinoanlegg. Og så verkar han som eit svært driftsikkert apparat, noko som er spesielet viktig når forsterkarar vert så store som denne. Receivaren eignar seg spesielt til den som ikkje er vant til eller har lyst til halde på med finjustering av dei mange parametrane i ein heimekino. Du vil sette pris på kor enkelt dette kan unnagjerast i ein fart, medan det også er menysystem for fintrimming om dette er ynskjeleg. Eit godt val for fyrstegongskjøparen som vil satse grundig like godt med ein gong, men som også vil eit apparat som kan vekse med framtidig entusiasme med heimekinoen, og for den som vil ha eit apparat for heile familien.

Viktige data finn du på heimesidene til importøren, men vi nemner spesielt:

Effekt i 6 Ohm: 7 x 150 W

Vekt: 15,3 kg

mål:420 x 173 x 465 mm

Pris: 9 998,00 kr

Importør: www.pioneer.no


Sist oppdatert : 26.05.2007 15:51:56
Lest 3206 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen