mandag, 18 april 2005 23:00

Paul Motian – I have the room above her [CD]

Skrevet av

Når eg tenkjer på jazztrio med gitar, saksofon og trommer, går assosiasjonane mot frisk bop-jazz, melodiøse, kule riff og heftige improvisasjonar. Når det gjeld den siste plata til Paul Motian, stemmer lite av dette. Rett nok snakkar me om den same besetninga, men albumet ”I have the room above her” inneheld ikkje ein takt med klassisk jazz. Her er det moderne, roleg og melankolsk som er stikkorda.

 

 

Paul Motian har vore aktiv jazzmusikar ganske lenge etter kvart. Med kring ei utgiving i året i over 30 år, har 74-åringen eit høgare tempo enn dei fleste på same alder. Men Motian var profesjonell musikar lenge før han kom med sitt første ”eigne” album i 1972. Han har spelt med mange store namn, mellom anna Thelonius Monk, Sonny Rollins og Keith Jarrett. Han har vore innom dei fleste greinene innan jazz, og har altså no hamna på eit ganske moderne spor.

 

Det er kanskje ikkje så vanleg at ein trommeslagar er både bandleiar og komponist, men det er altså Paul Motian. Han har laga ti av dei tolv spora på denne plata, men overlet altså til gitar og saksofon å formidle melodiane. Joe Lovano på tenorsaksofon og Bill Frisell på gitar utgjer saman med Motian bandet. Frisell og Lovano har som Motian store solokarriar kvar for seg, men desse tre har spelt i lag sidan 1980, og det er ikkje vanskeleg å høyre at dei er godt samkøyrde.

 

For musikken på denne plata er såpass fri og utflytande at det skal ein del til å få det til å henge saman. Men det er her Motian gjer den store jobben. Med sitt tilsynelatande enkle og tilbaketrekte trommespel, smyg han seg mellom tonane frå gitar og saksofon og flettar alt saman. Melodiane og dei enkle harmoniane blir sårt og varsamt framførte av Frisell og Lovano, og dei vekslar på å ha lead og underlag (i tillegg til ein del parti der dei spelar unisont).

 

Det er ei imponerande mengde improvisasjon på denne plata, og det gjeld alle tre stemmene. Men det heng saman, sjølv om det kanskje ikkje swingar. Slik musikk skal vel eigentleg ikkje swinge. Den skal skape klangar og stemningar, den skal utfordre og provosere og den skal helst gi noko nytt.

 

Eg kan røpe med ein gong at så svevande og fri jazz ikkje er min favorittmusikk, men det er likevel spanande og krevjande å høyre på. Eg irriterte meg litt i byrjinga over mengda nesten-unison-speling mellom gitar og saksofon. I byrjinga syntest eg det berre høyrdest upresist ut, men etter kvart har eg altså teke til å like denne ganske særmerkte ekkoeffekten.

 

Soloane og improvisasjonane passar veldig godt inn i stilen på denne plata. Alt heng bra saman, både melodisk og rytmisk underlag er spanande og det gir meg noko kvar gong eg høyrer plata. Dette albumet er ingen crowd pleaser, men det er det ikkje noko frijazz som er.

 

Likar ein litt krevjande, veldig fri og flytande moderne jazz, er denne plata frå trioen til Motian absolutt verd å høyre på. Dette er musikk som kan drive folk frå vettet, særleg viss den blir spelt halvsvakt i bakgrunnen. Men det er òg musikk som gi ein aktiv lyttar mykje tilbake. Eg kjem ikkje til å gi denne plata i gåve til nokon av venene mine, men eg kjem nok til å høyre ein del på den sjølv – når eg er i den rette stemninga.

 

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 19. mai 2005

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

 

ECM

 

Kjøp denne hjå CDON!

Lest 9753 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 11:37
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.