søndag, 25 desember 2005 23:00

Sigurd Køhn quartet – This place [CD]

Skrevet av

Sigurd Køhn døydde som kjent 2. juledag 2004 då tsunamien overraska han og hundretusenar av andre i Søraust-Asia. Køhn var på velfortent ferie i Thailand med familien sin etter å ha spelt inn plata ”This place” med jazzkvartetten sin. Plata blei gitt ut i haust, og fortener så absolutt ein omtale her.

 

 

Dette er altså ein omtale av den siste plata til Sigurd Køhn, og ingen nekrolog eller biografi over Køhn. Det er for så vidt ikkje denne artikkelen heller, men den inneheld ei historie om eit minne av Sigurd Køhn.

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Køhn records

Kjøp denne hjå CDON



Sigurd Køhn var kanskje mest kjend som saksofonist i jazzbandet Real Thing, men Sigurd Køhn quartet var altså Køhn sitt ”eige” band. Forutan han sjølv på altsaksofon, bestod bandet av Andreas Aarum på flygel, Jens Fossum på bass og A ndreas Bye på trommer. Den 15. og 16. november i fjor (2004) spelte dei inn denne plata i Oslo, den var miksa og mastra før jul og den skulle eigentleg lanserast 17. januar i år (2005). Dei planane blei naturleg nok endra ettersom Køhn var sakna i Thailand i nesten to månader før han blei funnen omkomen.

Men den 24. oktober i haust kom plata endeleg. Og som kona til Sigurd Køhn, Heidi, har presisert til media, er altså dette verken ei minneplate eller ”ein samle-CD raska saman av halvferdig materiale” Men det er det for så vidt lett å høyre at det ikkje er når set plata i spelaren.

For dette er både ei god og ei spanande jazzplate. Fire av spora har Køhn laga sjølv, og dei fem andre er tolkingar av mellom anna Edvard Grieg, Geirr Tveitt og Erik Bye. Musikken er rikeleg spanande i seg sjølv, og coverlåtane har fått eit nye og heilt spesielle tolking av bandet. Alt verkar lett og ledig, og spontaniteten er akkurat slik den skal vere i god jazz. Innspelinga har spenst, og trommer og bass byggjer solid opp kring soloane til Køhn på saksofon og Aarum på flygel. Dei har kvar sin stil, men har det til felles at dei får tonane til å flyte bortover og bortover uansett om låten er roleg eller rask. Bassist Fossum har forresten òg ein fin soloimprovisasjon på det siste, og veldig rolege, sporet "Loosing it."

Bandet let godt samspelt, og dei framfører alle låtane på ein overtydande tilbakelent måte. Dette så uanstrengt som det skal vere, og det er verkeleg synd at me aldri skal få høyre dette bandet live igjen.

”This place” er altså den siste plata Sigurd Køhn rakk å spele inn. Men først og fremst er dette ei verkeleg god plate der Køhn og altsaxen hans er i fokus. Dette er ikkje jazz-light på nokon måte, men plata blir heller aldri slitsam å høyre på (synest eg). Så har du lyst på ei god, norsk jazzplate med eit par spanande tolkingar av klassiske stykke og viser, er det berre å springe til platebutikken!

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 26. desember 2005

Lest 13757 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:53
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.