torsdag juni 20 , 2019
mandag, 27 august 2007 23:00

Postgirobygget – best av alt [CD]

Skrevet av

For å vere heil ærleg, hadde eg aldri trudd eg kom til å skrive om Postgirobygget her på Audiophile.no. Kvifor ikkje? Vel, årsaka må vel vere at eg har eit slags hat-/elsk-forhold til bandet. Eg har hatt vanskeleg for å bestemme meg om eg enkelt og greitt likar dette kvardagsprega norske pop-rockbandet, eller om eg synest gitar-kose-kveldsbål-visene deira er fullstendig oppbrukte. Men no har eg hoppa i det, så no får me sjå...

 


Eg trur alle i Noreg veit kven Postgirobygget er. Dei blei kjende midt på 1990-talet, og saman med mellom anna Di derre og Trang fødsel klarte dei å gjere norske poptekstar ein del hakk meir populære enn De lillos tidlegare hadde gjort. Det faktum at alle desse banda har absurd rare namn, let me ligge no.  

Postgirobygget starta som eit amatørstudentband i Trondheim i 1994, og etter ein del svært populære konsertar under namnet Pissed Off Sons, gjekk det relativt raskt. Bandet skreiv kontrakt med Norske Gram året etter, då med sitt noverande namn.   

Låtane En solskinnsdag, Bohemen leve, Idyll er døme på nokre av slagerane bandet fekk tidleg. Og på dette dobbelsamlealbumet som kom ut i 2003, er ”alt” med. CD1 består av dei fleste og mest kjende låtane til bandet, høgdepunkta frå dei fire første albuma deira (Melis, Essensuell, Supertanker og 4-4-2). Alle låtane er studioopptak gjort i tidsrommet 1996-2003, med ein god del bruk av studiomusikarar. Resultatet er relativt gjennomproduserte, pyntelege og fine låtar.  

Me snakkar om visepop, som av og til blir litt meir rocka. Kassegitaren er framtredande mykje av tida, gjerne følgt av akkustisk bass. Når dei girar litt opp, blir kassegitaren bytt ut med elgitar og fuzz-pedal. Nokre gitarsoloar er med, og ikkje minst pianosoloar. Litt jazzinspirert, og eit snev av country. Det er eigentleg vanskeleg å setje Postgirobygget i bås, men houvdinntrykket eg hadde før eg skreiv denne omtalen, var visepop. Og sjølv om eg høyrer ein del meir enn det, er hovudinntrykket framleis visepop.  

Tekstane til Postgirobygget er vel omtrent så kvardagslege som det går an. Eg har sett eit par parodiar på De lillos som, med unntak av vokalist-stemma, kunne passa bra på Postgirobygget òg. Det går i ”skulestilar” om sommarfløring, etterpåklokskap, studentliv, kjærleik og forelsking og morosame barndomshistoriar. Det er iallfall førsteinntrykket.  

Så langt har eg skildra den første av dei to platene. For Best av alt er som nemnt eit dobbelalbum, og CD2 er faktisk ikkje heilt det same som CD1. På den andre plata har Postgirobygget nemleg samla 18 demoar og liveopptak. Musikken her er ikkje nødvendigvis veldig annleis, men tekstane ein del av er eit par hakk meir useriøse. Her er mykje rart, mellom anna ei artig tolking av Gønnsakspisesangen til Torbjørn Egner, og ikkje minst dei relativt drøye låtane Beautifull, 23 tommer og (stygge lille) Trine. Inntrykket av eit politisk korrekt viseband mora mi kan like, slår visse sprekker.  

Albumet her manglar tekstar i plateomslaget. Det er eigentleg ikkje noko stort problem då tekstane er lette å forstå, og Arne Hurlen må vere draumen til ein kvar kordirigent når det kjem til artikulasjon. Dessutan er alle tekstane å finne på nettsida til bandet. Det som derimot er med i plateomslaget, er historia om korleis Postgirobygget blei til, samt ein god del info om kvar av låtane. Dette kan vere interessant lesing for alle, og ikkje minst for den hardbarka fansen.  

Eg har faktisk aldri høyrt Postgirobygget live. Eg hadde sjanse her i vår, men gav bort gratisbillettane eg hadde til konserten i Bergen. Eg angrar litt på det no, for eg veit faktisk lite om korleis bandet er på scena.  

Men dette er ei plateomtale, og det er musikken her som tel. Så kva synest eg om Postgirobygget no, etter å ha lytta på desse 40 låtane opp og i mente den siste tida? Vel, det er framleis noko veldig P1-aktig over mykje av musikken deira i mine øyre. Men både musikken og tekstane er ein del meir variert enn eg først hadde trudd. Og det som gjer Postgirobygget til noko meir enn gjennomsnittleg kjedeleg bål-allsong, er for meg at ein del av tekstane er nokre hakk djupare enn ved første augekast. Og så må eg innrømme at det kan vere moro å stå på bordet på fest og brøle Bohemen leve innimellom òg...  

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 28. august 2007

Lest 16660 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:47
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser