torsdag september 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Terje Rypdal - Rarum [CD]

Skrevet av

Terje Rypdal her vore eit av dei store namna i norsk jazz dei siste 30 åra. Han har aldri vore blant mine personlege favorittar, men eg har heller ikkje høyrt særleg mykje på musikken hans. Med Rypdal sitt bidrag til :rarum-serien frå ECM får eg iallfall høve til å skaffe meg eit betre overblikk over karrieren og eit meir objektivt syn på musikken hans.

 

 

Rypdal har spelt både piano og trompet frå han var svært ung. Han har studert musikk og komposisjon, men på gitar er han sjølvlærd. Har har spelt i ulike band frå tidleg på 1960-talet og blei blei kjend som gitarist i popgruppa "Vanguards." Seinare, frå 1970-talet og utover, bevega han seg mot moderne jazz. Han har spelt på mange jazzfestivalar rundt om i Europa, men eg vil ikkje kalle han jazzmusikar. Det er ikkje så lett å plassere han sjangermessig, eg føler musikken hans er både moderne jazz, blues, rock og samtidsmusikk.

På denne plata finn me musikk frå hans eigne band. Dei 13 låtane er spelte inn frå 1971 til 1998 og er alle saman stemningslåtar. Dei er lite melodiøse, dei formidlar heller eit sett av melankolske klangbilete. I banda sine har han i tillegg til seg sjølv på gitar med seg bass, trommer, litt tangentar og litt blåsarar. Alt heng godt saman, alle jobbar for å uttrykkje klangbileta og det får dei bra til. Ein kjem i ein heilt spesiell stemning når ein høyrer Terje Rypdal, iallfall musikken han har valt ut til denne plata. Men det som sler meg når eg høyrer på plata er kor lite musikken har utvikla seg over nesten 30 år. Musikken hans er ikkje dårleg, den er moderne og til dels både spanande og vakker. Men kling altså ganske likt.

Spor fem er litt anneleis enn resten av plata. Her får me høyre andre sats frå "Dobbelkonsert for to elektriske gitarar og symfoniorkester" framført av Rypdal, Ronni Le Tekro og Riga Festivalorkester. Dette er det mest spanande på plata, og kanskje det vakraste òg. Klangen og stemningen er som på resten av plata, men dette sporet er plata sitt einaste døme på at Terje Rypdal er noko meir enn berre gitarist. Han har mellom anna skrive fem symfoniar, to operaar, ein pianokonsert, ein hornkonsert og diverse andre orkesterverk.

Men det er ikkje orkesterkomponisten Rypdal som dominerer denne plata, det er gitaristen, låtskrivaren og bandarrangøren me får presentert. Han er utan tvil ein meget dyktig gitarist. Han er heilt i toppen her til lands og har vore med på mykje. Han er òg ein veldig spanande komponist og arrangør. Men eg må seie eg er litt skuffa. Eg er over kor likt alt er. Det blir diverre litt einsformig. Stoffet er fint, vakkert, stemningsfullt, litt sært men bra. Men det kling altså litt for likt...

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

***

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

Lest 2749 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:46
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser