onsdag, 31 desember 2003 23:00

Jan Garbarek - Rarum [CD]

Skrevet av

I rekkja av :rarum-plater frå ECM, er me no komne til Jan Garbarek. 24 låtar er valde ut for å representere karriera hans. Garbarek har nok ikkje hatt ein lett jobb med å velje ut kva som skulle vere med (eller kva som måtte vekk). Men med eit slikt utval på ein dobbel-CD skulle ein ha eit godt utgangspunkt for å få ei viss oversikt over ei lang musikarkarriere.

 

 

Jan Garbarek er ein av landets største saksofonistar. Han har spelt aktivt i over 30 år og har over 20 utgjevingar på ECM. I tillegg har han vore med på rundt 30 andre andre plater berre på dette plateselskapet.

Spora på denne dobbel-CD-en er henta frå midten av 1970-talet til midten 1990-talet. Mykje skjer gjennom så mange år, og me får sjansen til å følgje korleis Jan Garbarek og musikken hans har utvikla seg. Men ein kan alltid kjenne att klangen i saksofonen til Garbarek, og ein kan alltid kjenne att stemninga i musikken hans.

For det er ei heilt spesiell stemning du ikkje finn i nokon annan musikk. Ofte handlar låtane hans meir om stemning enn om melodi. Garbarek får alltid tankane mine til å vandre. Stemningar som smakar av det sakrale og av den ville naturen strøymer over meg, og eg tenkjer på alt frå fuglesong til kyrkjerom, frå havet i storm til mektig norsk natur, vidder og fjell. Eg tenkjer på land langt vekke, på varme og kulde og på mykje anna. Musikken hans er vanskeleg å skildre med ord, men viss ein greier å late seg rive med, viss ein ikkje tykkjer den blir "slitsam," vil ein truleg falle heilt inn i stemningane.

Garbarek har alltid samarbeidd med veldig mange dyktige musikarar frå heile verda, og dei har nok òg vore med på prege han. Dei fleste av dei er med på desse CD-ane og gjer dette til noko mykje meir enn eit soloalbum.

Denne dobbel-CD-en er like variert og spanande som Jan Garbarek si karriere. Den gir som dei andre :rarum-platene ei fin oversikt over artisten, og i dette tilfellet ei ganske brei oversikt sidan det er snakk om to CD-ar. Har du ikkje allereie mange Garbarekplater, vil dette vere eit veldig bra utgangspunkt for å bli betre kjend med musikken hans.

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

ECM

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 4274 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:47
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.