lørdag oktober 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Dave Weckl - The Zone [CD]

Skrevet av

Eg gleda meg verkeleg til å høyre på denne CD-en. Både Dave Weckl (trommer) og Brandon Fields (saksofonar) er høvesvis store namn. Og dei kan spele! Eg veit ikkje heilt kva eg venta meg av musikk på denne plata, men eg fekk iallfall delvis riffbasert og litt rocka jazz med ein 90-talsklang, funky bass og mykje (bra) improvisasjon.

 

 

Noko av det første som sler meg når eg høyrer på plata er kor tight og steady kompet, særleg trommene, er. Dave Weckl er utan tvil ein dyktig trommeslagar, og spelar både spanande og variert utan at det på nokon måte går ut over fastheita i musikken. Men eg saknar veldig trommesoloar! Han har nokre små som nesten kan kallast breaks, men det kunne gjerne vore meir. For dette er jazz og eg ønskjer meg improviserte soloar. Dei får me òg på plata, men då frå resten av bandet. Det blir levert gode instumentalprestasjonar og flotte soloraid både på synth/orgel, gitar og bass, men det er Brandon Fields på saksofon som verkeleg imponerer. Bandet er i det heile svært samkøyrd både på solo- og på melodi-/blokkpartia. Klangen virkar nesten litt polert av og til.

 

Men eg likar ikkje band som juksar. Alle plater, og særleg jazzplater, bør spelast inn slik at bandet kan spele musikken att live. Når til dømes Brandon Fields på magisk vis kan spsle blokk med seg sjølv på tenorsaksofon eller melodi på tenor og bassline på baryton, har gutta juksa i studio. Slikt kan kanskje forsvarast med at bandet berre har ein saksofonist og at "alle andre gjer det." Men eg synest seriøse musikarar skal halde seg for gode til slikt, særleg innan jazz. Ein annan ting eg ikkje tykjer høyrer heime innan sjangeren, er dobbelpedal på stortromme. Den blei ikkje mykje brukt her, men tilførte heller ingenting (anna enn nesten hjarteinfarkt på meg), og kunne med fordel ha vore utelaten. Desse to punkta er likevel ikkje grusomt viktig for lytteopplevinga.

 

For det swingar absolutt og bandet er imponerande samspelt. Dette er altså inga dlikevel noko årleg plate i mine øyre, men det er framleis EIN ting som skurrar. Eg føler eg har høyrt dette før. Dette kunne omtrent vore ei innspeling med Brecker Brothers gjort for kring ti år sidan. (Eg tenkjer mellom anna på "out of the loop", GRP Records, 1994.) Det er vel eigentleg eit kompliment å bli samanlikna med Brecker Brothers og Michael Brecker, men det er likevel feil for ei nyleg innspelt plate å likne på noko som blei gjort for nær ti år sidan. Plata er nok ikkje meint som ei etterlikning, men kan kanskje oppfattast som det. Diverre.

 

Med plata kjem òg ein DVD, men den er stort sett retta mot trommeslagarar. Det er ein instruksjonsfilm med Dave Weckl og Freddy Gruber. Så dyktige trommeslagarar har definitivt noko å lære vekk. Opplegget virkar profesjonelt og er nok absolutt noko å studere for alle som sler på trommer av og til.

 

Dette blir altså for folk flest berre ein CD. Det er ei god jazzplate med gode musikarar. Hadde det ikkje vore for eit par småting, hadde dette vore ei veldig god jazzplate.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Stretch

 

 

 

 

 

Lest 2477 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:57
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser