lørdag oktober 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Chick Corea - Rarum [CD]

Skrevet av

Er det nokon som ikkje kjenner Chick Corea? Her har ein sjansen til å bli kjent med ein verkeleg stor jazzpianist sine utgivingar frå 1972 til 1984.

 

 

På ECM sine :RARUM-plater får store jazzartistar velje ut det dei meiner er sine viktigaste innspelingar. No er det altså Chick Corea sin tur. Musikken hans må definitivt kallast både variert og spanande. Han har ein utruleg leiken og spretten spelestil, og det er ikkje vanskeleg å kjenne han att. Me møter han med tre ulike band på plata, og me opplever korleis han utviklar seg frå tidleg på 70-talet til midten av 80-talet.

 

Plata opnar med to låtar spelt med gruppa "Return to forever." Musikken får meg til å tenkje på hippiar, idealisme, rolege sommardagar. Melodilina flyt avgarde på fløyte og sopransaksofon (Joe Farrell). Det første sporet, "Sometime Ago," glir naturleg over i den meir spenstige, kjappare og meir kjende "La Fiesta." Vidare får me fire vakre låtar der Corea spelar duett med Gary Burton på vibrafon. Dei to utfyller kvarandre fullstendig og fungerer som kontrapunkt til kvarandre. Dei sju siste spora er innspelingar med piano-bass-trommetrioen med Miroslav Vitous og Roy Haynes. Dei gir seg ut på både standardjazz (mellom anna av Monk) og fri improvisasjon.

 

Denne plata er like spanande og variert som karrieren til Chick Corea, og den representerer den glimrande. Låtane som er valde her har ulik karakter, men er stort sett alle melodiøse. To unntak er dei to spora med fri improvisasjon ("improvisation 1" og "improvisation 3" som kanskje kan bli litt hard kost for dei som ikkje er så vande med jazz.

 

Som mange samleplater er denne òg berre eit utdrag frå ei lang karriere. Men det er eit bra utdrag og det er ein glimrande måte å bli kjend med Corea på. Det finnest mange perler av han der ute som absolutt fortener og bli høyrt på, og dette kan vere ein veldig god start.

 

All jazz er best live, men desse innspelingane med Chick Corea er nesten like råe, levande og eksplosive som mannen er på scena. Har du ingen plater av Corea, prøv denne!

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

Lest 2351 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:48
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser