lørdag oktober 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Keith Jarrett - Rarum [CD]

Skrevet av

Ein dobbel-CD med Keith Jarrett sine beste låtar, plukka ut av sjefen sjølv, kva kunne vel bli betre enn det, tenkte eg. Men eg må seie eg blei noko overraska då eg sette på plata. Eg hadde venta meg jazz i ulike former, men det første eg høyrer er renessanseliknande cembalomusikk. Først på spor 4 (etter nesten 19 minuttar) er mannen tilbake bak eit piano.

 

 

Eg kan ikkje seie anna enn at dette er var ein spanande og overraskande dobbel-CD. Her er mykje rart og mykje bra. Alt frå sakralt orgelspel, vakkert solopiano, renessansaktig cembalo til saftig jazz. Sjølv er eg mest begeistra for det siste. Eg meinar Keith Jarrett var best og mest spanande på 70-talet (gjerne i samspel med Jan Garbarek).

 

Her får me altså alt. Eg burde kanskje ikkje blitt så overraska. Fyren har jo gitt ut kring 50 plater på ECM. Men sjølv om spora her er så ulike, er ingen av dei til å ta feil av. Alt osar av Jarrett. Utan å øydeleggje noko skrik, stønnar og nynnar han oppå spelet sitt, særleg på improvisasjonane. Nesten uansett sjanger har han spanande og fascinerande akkordskifte, morosame små tema og imponerande soloraid ein ikkje går lei av. Han er svært dyktig på tangentar, saksofonspelinga han gjer på nokre låtar frå 80-talet er eg mindre imponert over. Det gjer Garbarek (og ein del andre) betre.

 

Men som sagt, han er ein imponerande pianist. Og han har alltid dei beste med seg. Jan Garbarek, Palle Danielsson, Jon Christensen og Gary Peacook er namn som knapt som burde skremme nokon.

 

Denne dobbelplata er altså ei oppsummering av Keith Jarrett si karriere. Og korleis skal eg oppsummere den...? Jo: På 70-talet groove'a det villt. På 80-talet blei det for mykje eksperimentering til at eg verken let meg underhalde eller imponere. På 90-talet er han tilbake med "skikkeleg" jazz, men enklare denne gongen, gjerne berre piano, bass og trommer.

 

Er du ikkje kjend med Keith Jarrett, kan denne plata vere ein grei introduksjon, så lenge du veit at det du får er smakebitar frå ei lang og høgst variert karriere. Men det kan kanskje vere like greitt å prøve seg på ei av dei mange (gode) platene han har spelt inn dei siste 30 åra.

 

Det var interessant å høyre desse smakebitane. Eg har høyrt ein god del av musikken her før, og eg kjem framleis til å høyre mest på 70-talsutgjevingane hans.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

***

Label:

ECM

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 2492 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:49
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser