tirsdag oktober 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Gary Burton og Makoto Ozone - Virtousi [CD]

Skrevet av

Kva får ein når to "gamle" jazzmusikarar bestemmer seg for å spele inn ein CD med klassiske verk? Gary Burton og Makoto Ozone har spelt saman i 18 år, Burton på piano og Ozone på vibrafon. Dei har stort sett halde seg til jazz, men no har dei altså gitt ut ei plate med jazzimprovisasjonar over klassiske duettar.

 

 

Dei rører seg altså på ganske upløgd mark, og det er såleis ikkje lett å vite kva ein skal vente av ei slik innspeling. Einskilde komponistar ville vere opplagde val. George Gershwin var 1900-talet sin store komponist i brytinga mellom klassisk musikk og jazz. Sjølv om han berre blei 39 år, rakk han å gjere mykje for å gjere jazzen meir stoverein. På plata her er det òg med to komposisjonar av Gershwin, høvesvis i blues- og ragtimeversjonar.

 

Dei andre komponistane som er med på plata er nok ikkje så opplagde. Her er både kjende namn som Rakhmaninov, Scarlatti og Brahms, i tillegg til mindre kjende. Ein får mange spanande nye tolkingar av dei kjende og dei ikkje fullt så kjende klassiske verka. Musikk som er frå 50 til 350 år, musikk i så ulike former som klassiske pianokonsertar, tango og fransk opera er pakka inn på nytt og improvisert over. Den er pakka inn i eit varmt og vakkert klangteppe av klaver og vibrafon, og Burton og Ozone klarer å halde på stemninga i musikken samtidig som dei legg til ganske mykje gjennom veldig bra samspel og improvisasjon.

 

Innspelingane og tolkingane på CD-en er passeleg lite sjølvhøgtidlege, utan å bli verken useriøse eller respektlause. Eg trur ingen av komponistane ville mislikt tolkingane av verka sine.

 

Så kva får ein når to "gamle" jazzmusikarar bestemmer seg for å spele inn ein CD med klassiske verk? Ein får ei spanande plate. Ein får ei plate som verken er keisam "heismusikk" eller slitsam "pling-plong". Ein får ei plate som kan brukast til både avslapping og aktiv lytting. Og ein får ei plate som kan vere portalen til ei rekkje spanande klassiske verk som ein elles kanskje ikkje ville fått høyre. Det høyrest ut som om Burton og Ozone har hatt det svært moro både når dei har valt ut stykkje for denne plata, når dei har bearbeidd dei for improvisasjon og når dei har spelt dei inn. Gary Burton skriv i plateomslaget: "We hope you discover both the fun and beauty that we experienced on every song." Det gjorde iallfall eg.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Concord

 

Kjøp denne hos CDON!

 

Lest 2422 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 12:02
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser