lørdag oktober 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

John Pål Inderberg - Baritone Landscape [CD]

Skrevet av

Barytonsaksofon er eit kult instrument. ”Barrysaxen” kling djupt, ein oktav djupare enn altsaksofonen, og har sin heilt eigne klang i heile registeret. Om det er den upraktiske storleiken som gjer at barytonsaksofonen er lite brukt som soloinstrument, er vanskeleg å seie. Men John Pål Inderberg kan dette instrumentet og viser oss her korleis det kan brukast. Men blir det bra eller blir det sært?

 

 

Eg kan vel røpe det med ein gong: Det blir bra! Men så er ikkje John Pål Inderberg kven som helst, heller. Han er ein av Noregs leiande saksofonistar, og har mellom anna spelt med internasjonale store namn som Chet Baker og Chick Corea. Inderberg er seksjonsleiar for jazzlina ved Musikkonservatoriet i Trondheim, der han òg er improvisasjonslærar.

 

Og han har ikkje kven som helst med seg. Bandet, som kallar seg ”The Zetting,” består i tillegg til Inderberg av Ernst-Wiggo Sandbakk på trommer, Sondre Meisfjord på bass og Vigleik Storaas på el-piano. Bandet har sitt utspring i ”Konsen” i Trondheim. Sandbakk er i likskap med Inderberg lærar der, Meisfjord studerer der (og er elles kanskje mest kjend frå ”Come Shine”) og Wigleik Storaas gjekk der på 1980-talet.

 

Men kva er det som gjer denne plata bra, bortsett frå at kvartetten består av dyktige musikarar? Vel, bandet spelar godt i lag og virkar godt samkøyrde. Det swingar heile vegen og improvisasjonane sit godt. Det er John Pål Inderberg som er leiaren her, og det er han som har flest soloar, mest melodi og er mest framtredande i lydbiletet. Plata opnar roleg og rubato med sax og piano, og byggjer seg opp sakte men sikkert. Men det ein med ein gong legg merke til er klangen i barrrysaxen. Inderberg har ein kornete, slepen og litt metallisk klang i instrumentet. Dette saman med den slepne spele- og særleg improvisasjonsstilen hans gjev eit særpreg som er ein raud tråd gjennom plata.

 

Wigleik Storaas må jo heller ikkje gløymast. Han har òg ei rekkje soloimprovisasjonar, og det faktum at måten hans å improvisere på er ganske ulik Inderberg sin, er berre ein styrke for plata. Han er meir avslappa og roleg i spelestilen, tek fleire småpausar og tenkjer lengre liner i soloane. Sondre Meisfjord og Ernst-Wiggo Sandbakk får òg prøve seg på eit par soloar undervegs. Det gjer dei så bra at dei kanskje burde fått prøve seg enno meir.

 

Det er mange lange soloar på plata. Ein av årsakene til at det aldri blir keisamt å høyre på dette (i tillegg til at soloane er verkeleg gode), er at bass og trommer gjer mykje meir enn å berre kompe streit. Det er vanskeleg å skildre, men dei gjer mange småting, flyttar på slaga, synkoperer og kjem med små break heile tida. Det gjer seg!

 

Denne plata er både tøff, spesiell, avslappande og det motsette av avslappande. Den er utruleg spanande å høyre på, og den gjev meg noko nytt kvar gong eg høyrer den. Eg har spelt den svært mykje i fleire veker, og greier ikkje å gå lei.

 

Enkelte kan bli skremde av ei jazzplate med ein god del uvanlege akkordskifte og mykje improvisasjon. Viss du ikkje er ein av dei, kan du trygt la deg imponere av dette. Høyr på plata og sjå om du ikkje er einig med meg i at dette er tøft.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

Gemini Records

 

 

Lest 6402 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:01
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser