lørdag oktober 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Apes and babes – Rå [CD]

Skrevet av

Ta fire apekattar, fire babes, ta frå dei alle instrument og plasser dei på ei scene eller i eit studio. Kva får du då? Då får du acappella-bandet ”Apes and babes.” Lurer du på kva eit acapella-band er, eller lurer du på om dette kan vere noko kult? Eg trur eg kan røpe at kult er det iallfall. Vil du vite meir, er det berre å lese resten av omtalen.

 

 

Lat oss ta det første først. A capella tyder å syngje utan instrument attåt. Du kjenner det frå mellom anna Bjelleklang og The Real Group, men Apes and babes liknar eigentleg ikkje så mykje på noko anna acapella-musikk eg har høyrt tidlegare.

 

Og grunnen til det, er at Apes and babes på ingen måte høyrest ut som eit kor. Ein god del av musikken deira er nye og gamle poplåtar, og dei åtte medlemmene brukar stemmene sine til å lage eit instrumentelt lydbilete. Dei plukkar mykje frå originalversjonane, men set saman relativt avanserte arrangement som både plukkar med seg det særmerkte frå låtane og gir noko nytt til dei.

 

Gruppa består altså av åtte songarar. Apekattane står for mykje av underlaget i musikken. Vidar Johansen har ein bass som gjer mykje av det moderne hit-preget mange av låtane har saman med den levande trommemaskina Tor Martin Antonsen. Han er rett og slett imponerande, og eg har ikkje høyrt nokon skape slike lydar med stemmebanda sidan han mørkhuda aspiranten i Politiskulen-filmane på 1980-talet. Dei to siste apekattane og dei fire babes-en står for både lydeffektar og melodistemmer, og til saman klarar dei å skape eit ganske fullstendig, tøft og moderne lydbilete.

 

Det var etter ein konsert i Olavshallen i Trondheim eg kjøpte denne CD-en. Konserten av glimrande, gruppa imponerte verkeleg på scena, og sjølv om publikum kanskje var i daffaste laget, blei stemninga høg etter kvart, og me fekk heile tre ekstranummer. Sjølv om eg er stor tilhengar av å høyre kvalitetsmusikk live og eigentleg kanskje burde visst betre, blei eg likevel litt skuffa då eg kom heim og sette på plata. Det fyldige lydbiletet, alle detaljane, den gode timinga og kjemien som var på scena er der på plata òg, men berre i litt mindre grad – alt var litt daffare.

 

Vanlegvis er vel problemet motsett. Polerte studioproduksjonar kan få kven som helst til å høyrast bra ut, men når popidola våre skal opptre live, fell dei gjennom. Nokre litt, andre veldig mykje... Men sjølv om denne plata mangla litt av gneisten bandet hadde på scena, likar eg den.

 

Materialet er vel omtrent så variert som det kan bli. Alt frå folketonar frå Oppdal, Toccata av Bach, barne-TV-låtar og ulike listepoplåtar frå ulike tiår får plass her. Og veit du kva det raraste er? Alt passar saman! Apes and babes lukkast med å skape ein einskapleg stil med tung bass, ”trommemaskin,” mange små lydeffektar og mange motgåande melodistemmer.

 

Det er babes-en som stort sett har melodistemma, og for å vere heilt ærleg, er det det som fungerer best. Nokre av låtane med mannleg leadvokal er prega av litt dårleg engelskuttale og litt manglande solistperformance. Men det er ikkje dette som pregar albumet – det er for det meste bra balansert med rett ape/babe på rett plass.

 

Sjølv om ikkje alt er slik som eg skulle ønskje, fungerer det meste altså veldig bra på plata. Ei usannsynleg samansetning av låtar med avanserte og pop-ete arrangement, til dels imponerande stemmebruk og ei gruppe som er godt samspelt (eller samsunge?)  er vel ei grei oppsummering av albumet ”Rå.” Di meir eg høyrer på plata, di meir skjønnar eg at dette er jo ikkje dårleg, det var berre enno betre live. Plata er underhaldande og kul, den har groove og den liknar lite anna eg har i hylla. Når eg i tillegg veit at dette ikkje er studiojuks, når eg veit at det er ekte og at originalen faktisk er minst like bra, er det jo eigentleg ikkje noko meir å snakke om:

 

Dette funkar, dette er kult, Apes and babes må for all del ikkje slutte å spele live, og eg har iallfall ikkje vore på konsert med dei for siste gong!

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

-

Lest 8826 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:14
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser