torsdag september 19 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Michael Murray - Dupré, Franck, Widor [SACD/CD]

Skrevet av

Orgelet i St. Sulpice, Paris, har blitt kalla "det vakraste orgelet i verda" av Albert Schweitzer. Det er fire etasjar høgt og kan daterast tilbake til 1781. Saman med akustikken i St. Sulpice blir det eit glimrande utgangspunkt for opptak av orgelverk.

Orgelmusikk er kanskje ikkje den musikken folk flest set seg ned og høyrer på. Den forutset litt volum og stiller visse krav til anlegget for å få fullt utbytte. Ein må også vere innstilt på å lytte aktivt, orgelmusikk er ikkje bakgrunnsmusikk. Likevel er det fint til å få fram ulike stemningar, berre tenk på korleis orgelet blir nytta i kyrkja, til alt frå dåp, bryllup og gravferd.

Musikk:

****

Lyd:

***

Label:

Telarc

Michel Murray har her valt ut stoff frå tre ulike komponistar. I musikken til Michael Dupré er det vanskelegare å dra ut melodilinene. Den er meir bygd opp av akkordar og klang, og brukar dette for å få fram ulike stemningar. César Franck og Charles-Marie Widor har begge hatt mykje å seie for utviklinga av orgelsymfonien. Franck sitt verk "Grande Pièce symphonique" (spor 7) er sett på som ein prototype, sjølv om det er Widor som blir rekna som oppfinnaren av orgelsymfonien. Murray har valt ut krevande stykkje og eit krevande instrument, men han taklar begge deler bra.

Eg synest personleg dette er tøff musikk. Den krever som sagt ein del av lyttaren, men gjev også mykje tilbake.

TMB

Lest 2844 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:38
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen