onsdag, 31 desember 2003 23:00

Monty Alexander - My America [SACD/CD]

Skrevet av

Eg er ikkje heilt sikker på om me treng ei plate som hyllest til Amerika (USA), landet der draumar blir verkelege, men det er no det Monty Alexander har laga her. Vel, han har teke ei rekkje kjende låtar han meiner har vore viktige for han, og spelt dei inn i nye og kanskje litt uvanlege utgåver.

 

 

Musikken her stammar frå mellom anna Nat King Cole, Frank Sinatra, Duke Ellington, Louis Armstrong, Ray Charles, James Brown og Marvin Gaye. Materialet skulle altså vere både variert og bra. Etter å ha lese bakpå plateomslaget, gledde eg meg verkeleg til å høyre plata.

Men eg kan seie det først som sist: Eg blei litt skuffa. Ikkje fordi Monty Alexander ikkje er ein dyktig pianist, men på grunn av stilen alle songane har fått. Den er ikkje så lett å skrildre, men alt blir hardt og litt plastikkaktig, medan toppmelodiane gjerne er i overkant leikne og lette. Nivået av detaljar og effektar kunne nok vore redusert, men det er føler øydelegg mest gjennom heile plata, er ein veldig hard el-bass som har null klang og står i stor kontrast til alle dei andre instrumenta. Alt blir veldig likt, og denne stilen passar nok eigentleg berre på eit par av låtane (særleg 'Sex Machine' av James Brown).

Monty Alexander er ein pianist eg har stor respekt for. Han har vore med på mange gode innspelingar, og er tydelegvis ikkje redd for å gå nye vegar. Men eg føler ikkje at stilen han har gitt låtane på denne plata, blir heilt "rett." Alexander greier å gjere tolkingar av stoffet forsåvidt er gode, men som einsrettar musikken og (det er kanskje stygt sagt, men...) reduserer den til kjøpesenter- eller heismusikk.

Eg sit og lurer litt på kvifor Alexander har gjort slike tolkingar av låtane. Det er mogeleg det er røtene hans på Jamaica som kræsjar totalt med mi oppfatning av korleis denne musikken burde vere. Resultatet er uansett at eg sit her med ei plate eg gjerne skulle tilrådd, men som eg nølar med...

 

TMB

Musikk:

***

Lyd:

****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

 

Lest 4180 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:22
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.