fredag november 24 , 2017
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Brown, Clayton, McBride - Superbass 2 [SACD/CD]

Skrevet av

Tre menn, tre ståbassar, live. Enkelt og greitt og knallbra. Er det vits i å seie noko meir enn at folk heller bør kjøpe plata enn å sitje på nettet og lese om den...?

 

 

På plata høyrer me eit konsertopptak på Blue Note i New York frå desember 2000. På scena står tre av verdas beste bassistar med kvar sin kontrabass. Ray Brown, John Clayton og Christian McBride har spelt i lag med ujamne mellomrom, og dei har då kalla seg SuperBass. Eit meir dekkjande namn trur eg ikkje nokon kunne funne på til gruppa.

 

Det at dei tre har funne på å spele i lag, må av alle som kjenner til dei kallast eit meget bra påfunn. Det at dei tre har funne på å spele i lag utan andre forstyrrande element enn litt perkusjon på ei låt eller to, er i tillegg både spanande og innovativt. Og har ein høyrt dei, anten live eller på plate veit at konseptet fungerer. Det er underhaldande og kult, og det let bra.

 

Brown og disipplane får verkeleg vist fram kontrabassen sin allsidige styrke, både som solo-, rytme- og komp-/akkordinstrument. Bandet held seg stort sett innanfor jazz, og låtane på plata er ei fin blanding av gamle klassikarar og standardlåtar (til dømes av Monk, Gershwin og Gillespie) på den eine sida og sjølvskrive materiale på den andre. Alt saman er så genialt arrangert for dei tre kontrabassane at eg på ingen måte føler at det manglar nokon instrument i besetninga.

 

Dei tre bassistane spelar som om dei ikkje har gjort anna enn å spele saman. Men dei representerer ulike generasjonar. Ray Brown som diverre gjekk bort i sommar, 76 år gamal, er vår tids største basslegende. Han har mellom anna spelt saman med Charlie Parker og Dizzie Gillespie og var med på å utvikle swing til bebop for eit halvt hundreår sidan. Men han gav seg aldri, han øvde alltid, også på slutten, og utvikla seg mot det me kan høyre her. John Clayton er rundt 50 år var Ray Brown sitt protesjé. Han sjølv har òg alltid sett på Ray Brown som sin mentor. McBride er yngstemann. Sjølv om han berre er 30 år, spelar han med same tyngde som dei to andre. Han har tidlegare vore innom både pop, R&B og jazz fusion, men har utvikla seg til å bli ein svært vel ansett jazzbassist. Me snakkar her om tre ulike bassistar som kvar for seg er imponerande nok, men som i samspel kan gi kven som helst bakoversveis.

 

Me har her ei god plate med god lyd og skikkeleg dynamikk. Kort sagt er dette eit meget bra opptak frå ein meget bra konsert eg gjerne skulle vore på. Men sidan eg aldri får høyre dette bandet live, får denne plata vere ei god erstatning.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Telarc

 

 

 

 

Lest 2035 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:42
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen