fredag november 24 , 2017
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Ray Brown, M. Alexander and R.Malone [SACD/CD]

Skrevet av

Med desse tre namna på plateomslaget, har ikkje Telarc følt det nødvendig å gi plata noko namn. Brown, Alexander og Malone er alle kjende namn i jazzen. Og på dette opptaket frå våren 2002, berre månader før Ray Brown døydde, har dei òg teke føre seg 11 meir eller mindre kjende jazzstandardlåtar.

 

Med desse tre namna på plateomslaget, har ikkje Telarc følt det nødvendig å gi plata noko namn. Brown, Alexander og Malone er alle kjende namn i jazzen. Og på dette opptaket frå våren 20 02, berre månader før Ray Brown døydde, har dei òg teke føre seg 11 meir eller mindre kjende jazzstandardlåtar.

 

 

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

Telarc


Eg er ikkje sikker på om dette er det siste opptaket som er gjort med Ray Brown, men det er iallfall mellom dei siste. Det i seg sjølv skulle kunne gjere denne plata verd å samle på. Men det er jo musikken som tel. Og Brown er fullt på høgde med både musikken og bandet, 76 år gamal. Han spelar like stødig, lett og svingande som alltid, sjølv om eg nok er van med å høyre han dominere litt meir, ta fleire og lengre improvisasjonar og å vere meir midtpunkt
.

Men det er ingen som er midtpunkt her. Verken Monty Alexander på piano eller Russel Malone på gitar som har dei fleste improvisasjonane, ser ut til å ha nokon trong til å vise seg fram. Soloane her er meir enn imponerande nok, men dei er det på den rette måten, dei er melodiske, dei er ikkje-stressande og dei bryt ikkje med heilheita i låtane. Dette er standardjazz akkurat slik eg helst vil ha den.

Sjølv om ikkje alle låtane er rolege, er stilen på plata veldig laidback. Dette er musikk ein får lyst til å sitje og nyte i timesvis med eit god raudvin og lite anna. Dette er ikkje musikk ein spelar på ein fest før det har blitt ganske seint. Dette er er jazz eg blir i skikkeleg godt humør av, og dette er ei plate eg ikkje greier å bli lei av.


TMB

 

 

 

 

Lest 4404 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:02
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen