onsdag, 31 desember 2003 23:00

Kevin Mahogany - Pride & joy [SACD/CD]

Skrevet av

Har du høyrt om Kevin Mahogany? Han er kanskje ikkje mellom dei mest kjende namna i jazzen, men etter å ha høyrt denne plata, har iallfall eg blitt interessert i å høyre meir av denne mannen.

 

 

Har du høyrt om Kevin Mahogany? Han er kanskje ikkje mellom dei mest kjende namna i jazzen, men etter å ha høyrt denne plata, har iallfall eg blitt interessert i å høyre meir av denne mannen.

Plata inneheld alt frå vanlege jazzlåtar med ganske standard komp til fleirstemde (nesten-)acapellaspor som har element frå gospel. Det er Kevin Mahogany som bind alt saman. Det er stemma hans som dominerer klangbiletet gjennom heile plata. Og han har ein fyldig stemme, han har eit stort register og han har den kjende og karakteristiske, kva skal eg seie, neger-gospel-klangen.


Det eg er mest imponert over med Mahogany og stemma hans, er kor bra han scattar. Særleg spor nr. 2, tittelsporet 'Pride & joy' (av min helt Marvin Gaye), gir meg gåsehud. Han improviserer som ein konge og høyrest i tillegg ut som ei sprakande trombone med wow-wow-mute. Dette er skikkeleg tøft å høyre, og spor nr. 2 er absolutt favorittsporet mitt på denne plata.

Men det er òg ting eg likar mindre bra. Dei to spora med fleirstemt song har tendensar til å henge dårleg saman. Overgangane kan blir vel bråe, og til tider føler eg at det blir litt vel søtt og skulekoraktig, ja nesten litt parodisk i den retninga.

Mahogany har gode musikarar med seg. Men Jon Faddis (trompet/flygelhorn) er den som verkeleg utmerkjer seg. Måten han spelar, improviserer og fyller inn, hevar fleire spor merkbart.

Det er ingen tvil om at Kevin Mahogany har ei god stemme. Men denne plata er ganske varierande. Musikkstilen varierer, og det gjer diverre kvaliteten òg. Eg føler at flyten til tider stoppar litt opp, nokre gonger grunna arrangement, andre gonger grunna Mahogany som vokalist.


Men om denne plata kan vere ujamn, er den framleis over middels. Kevin Mahogany har ei flott stemme, sjølv om den kanskje ikkje kjem til sin rett heile vegen, og han har gode musikarar med seg her. Alt i alt er dette til ei bra innspeling, og eg ser fram til å høyre meir frå denne stemma.

TMB

Musikk: ****
Lyd: ****
Label: Telarc

Kjøp denne hos CDON!

Lest 4488 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:03
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.