fredag august 23 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Tapestry - Come into my garden [SACD/CD]

Skrevet av

Det første som slo meg då eg sette på denne plata var: "Dette var sært..." Eg fekk litt bakoversveis med ein gong, men har høyrt gjennom plata ganske mange gonger, og spørsmålet er altså kva eg synest om den no.

The Song of Songs, Salomos høgsong, er vel blant dei mest kjende utdraga frå det Gamle Testamentet. Det er vel kanskje òg eit av dei mest omstridde delane frå Bibelen, og mange har eit forhold til den.

 

Musikk: *
Lyd: ****
Label: Telarc

Vokalgruppa Tapestry syng her utdrag frå Songen på latin og hebraisk.

Melodiane som tekstane har fått, er stort sett "nye," det vil seie skrivne av komponistar fødde på 1900-talet. Alle har eit veldig enkelt, mellomaldersk preg over seg. Vokalen dominerer, men her er og eit fiolinliknande instrument som heiter vielle, harpe og perkusjon. Innspelinga er gjort i Mt. Holyoke College Chapel, Massachusetts, og det ligg mykje (naturleg) klang på spora. Dette er jo ytterlegare med på å gi det sakrale preget som plata har.

Men korleis er dette å høyre på? Diverre må eg seie at eg held fast ved førsteintrykket mitt. Melodiane er enkle og reine, men ikkje særleg interessante. Songen er rein og Tapestry syng med ein lys og tidvis rund, tidvis spiss klang. Sjølv om nokre utdrag frå songen nok kunne kallast vakre, blir det på det for det meste slitsamt å høyre på. Ein del av klangane i musikken, som jo er skriven av moderne musikarar, er med på å forsterke dette intrykket. Harmoniske små sekundar (t.d. C og C# samstundes) synest eg kling veldig dårleg saman med det "gamle" preget musikken elles har.

Ein annan ting er at teksten forsvinn. Det kjem ikkje berre av at den er på latin og hebraisk, og såleis ikkje forståeleg for dei fleste. Men det kjem av at uttalen til songarane er så utydeleg at det er vanskeleg eller umogeleg å høyre kva dei seier. I plateomslaget står tekstane på originalspråket (latin eller hebraisk) og på engelsk. På spora med latinsk song, skulle det vere mogeleg å følgje teksten, men det er det altså ikkje.

Tekstane her har jo utan tvil kvalitetar på eiga hand, men dei forsvinn altså i vokalgrauten. Melodiane er enkle og keisame, klangbiletet er veldig spinkelt og vokalprestasjonane til gruppa gjer altså at dette til tider er ganske slitsamt å høyre på.

Dette er ei innspeling som musikalt sett ikkje gir meg noko som helst. Eg kan ikkje tilrå den til andre enn spesielt intereserte. Me andre kan bruke pengane våre på andre plater enn denne.

TMB

Lest 2311 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:17
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen