søndag september 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Tierney Sutton - Something Cool [SACD/CD]

Skrevet av

Ta ein bunke standardlåtar pluss litt anna, legg på delvis nye underlag og litt temposkifte her og der, kva får ein då? Jo då får ein Tierney Sutton si siste plate.

 

 

Sidan 1998 har ho spelt saman med Christian Jacob på piano, Trey Henry og Ray Brinker på trommer. Eg har ikkje høyrt noko av ho og bandet hennar før, så eg var spent då eg sette denne plata i spelaren. Men eg hadde ingen grunn til å vere uroleg. Det starta med ei av dei kulaste arrangementa og innspelingane av "Route 66" eg har høyrt. Eit veldig tilbakelent og kult groove på verset blir kuppa av eit upbeat på refrenget og vice versa. Improvisasjonane er slik dei skal vere og eg sit og gler meg til å høyre resten av songane på plata.

Og eg blir ikkje skuffa her heller. Både på jazzstandardane og dei andre songane som er oppjazza (m.a. er to spor frå "My fair lady") er arrangert og spelt på same kule måte. Bandet får verkeleg lagt sitt personlege preg på stoffet, men utan å overkøyre og øydeleggje stemninga frå originalen. Tierney Sutton takkar Ray Brown for inspirasjon og støtte, og det er kanskje litt av han som skin gjennom i all leikenheita på plata.

Kombinasjonen av gode låtar, spanande arrangement, ein ypparleg moderne jazztrio, gode improvisasjonar og ei sjarmerande stemme på toppen er altså ikkje meg i mot. Dette er ei plate eg kjem til å ha det mykje moro med.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

*****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 2503 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:24
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen