onsdag, 31 desember 2003 23:00

Michael Camilo - Triangulo [SACD/CD]

Skrevet av

Piano, bass og trommer. Kvifor gjere det vanskelegare enn det?

 

Michel Camilo gir oss ein time med variert jazz: Fyrrig jazz, jazz med tempo og med store innslag av salsa og ein roleg ballade eller to. Han har med seg Anthony Jackson på bass og Horacio (el Negro) Hernandez på trommer. Det er Camilo som er hovudpersonen her, men me snakkar likevel om eit skikkeleg samspelt band.

Sjølv om Camilo har dei fleste soloane, han ligg i improvisasjon store delar av plata, er eg aldri inne på tanken av at dette er einsformig. Eg pleier å sakne både bass- og trommesoloar når t.d. ein pianist blir for dominerande, men det gjer eg ikkje her. Camilo dominerer ikkje, han flyt berre avgarde i melodi og improvisasjonar medan han blir backa på ein spanande og variert måte av kompet. Han spelar og improviserer like bra innan for heile det vide sjangerspekteret på plata, og eg blir overraska kvar gong denne plata er slutt. Eg kan ikkje skjønne at eg har brukt enno ein time på den...

Dette er ei plate eg let meg fascinere av. Eg let meg fascinere av korleis det enkle fungerer så bra, eg let meg imponere over spanande rytmar, rare taktskifte og synkoper og eg let meg fascinere av korleis tida flyg når eg høyrer på denne musikken.

Når Michel Camilo greier å trollbinde meg slik han gjer, kan eg ikkje skjønne anna enn at dette må vere bra.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

 

****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 4010 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:29
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.